One Direction
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| One Direction | |
![]() |
|
| Alias | 1D |
| Opphav | Storbritannia og Irland |
| Sjanger | Dansepop, poprock, powerpop og teenpop |
| Aktive år | 2010–i dag |
| Plateselskap | Syco Music og Columbia Records |
| Nettside | http://onedirectionmusic.com/ |
| Medlemmer | |
|---|---|
| Niall Horan Zayn Malik Liam Payne Harry Styles Louis Tomlinson |
|
One Direction er ei britisk-irsk gutegruppe, sett saman av Niall Horan, Zayn Malik, Liam Payne, Harry Styles og Louis Tomlinson. One Direction vart til då dei fem gutane vart sett saman til gruppe under The X Factor 2010.
Gruppa enda på tredjeplass i tevlinga. Etter suksessen i The X Factor 2010 fekk dei platekontrakt med Syco Music, plateselskapet til Simon Cowell. Debutsingelen «What Makes You Beautiful» vart gjeven ut 11. september 2011 og gjekk til fyrsteplass på UK Singles Chart. Deira andre singel, «Gotta Be You», vart utgjeven 13. november 2011, etterfylgt av debutalbumet Up All Night 21. november 2011. One Direction vann ein BRIT Award for Best British Single med hit-singelen «What Makes You Beautiful» i 2012.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «One Direction» frå Wikipedia på bokmål, den 26. februar 2012.
