Onegaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Onega
Satellittbilete av Onega
Satellittbilete av Onega
Utspring Latsja
Munning Onegabukta
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 416 km
Middelvassføring 505 m³/s
Nedslagsfelt 56 900 km²

Onega (russisk Онега) er ei elv i Arkhangelsk oblast i Russland. Ho er 416 km lang og renn frå Latsja til Onegabukta i Kvitsjøen.

75 km før munningen delar ho seg i Store Onega og Vesle Onega, som dannar eit lite delta. Desse renn saman igjen før ho munnar ut i sjøen. Ved munningen deler ho seg i dei to greinene Dvinskij og Karelskij på kvar side av øya Kij.

Elva har eit fall på 118 meter frå kjelda til munningen, der ho har ei middelvassføring på 505 m³/s. Elva frys til mellom seint i oktober og tidleg i desember og vert isfri att i midten av april eller i mai.

Dei største sideelvane hennar er Kena, Iksa og Kozja frå venstre, og Volosjka, Mosja og Kodina frå høgre.

Byane Kargopol og Onega ligg ved Onegaelva. Langs breidda ligg og bevarte monument av gammal trearkitektur.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]