Desember

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Romersk mosaikk til desember månad i Villa Fortunatus i Spania.

Desember er den tolvte og siste månaden i den julianske og gregorianske kalenderen. Namnet kjem frå latin decem, ‘ti’, ettersom han opphavleg var den tiande månaden i det romerske året.

den nordlege halvkula fell vintersolkverv, den mørkaste dagen i året, i desember. Det finst ei rekkje ulike lys- og festtradisjonar som motvekt til vintermørket. Desse er ofte knytt til ulike juletradisjonar. Desemberdagane før jul vert kalla advent innan kristendommen, og vert markerte på ulike måtar.

Denne månaden feirer ein mellom anna St. Nikolaus sin festdag den 6. desember, luciadagen den 13. desember, julaftan og juledag den 24. og 25. desember og nyttårsaftan den 31. desember.

Anna[endre | endre wikiteksten]

  • Desember byrjar på same dag som september kvart år

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Desember