Onegasjøen
| Onega | |
|---|---|
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Tilsig | 58 elvar (Sjuja, Suna, Vodla, Vytegra, Andoma) |
| Utsig | Svir |
| Tilknytte land | Russland |
| Overflateareal | 9894 km² |
| Vassvolum | 280 km³ |
| Høgd over havet | 33 m |
| Øyar | 1369 (Kizji) |
| Busetnadar | Kondopoga, Medvezjiegorsk, Petrozavodsk, Pindusji, Povenets |
Onegasjøen (russisk Онежское озеро, Onezjskoje ozero; finsk Ääninen eller Äänisjärvi) er ein innsjø i Russland. Han har eit areal på 9894 km² og eit volum på 280 km³. På det djupaste er innsjøen 120 meter. Han har 1369 øyar med eit totalt areal på 250 km². 58 elvar renn ut i innsjøen og dei største av desse er Sjuja, Suna, Vodla, Vytegra og Andoma. Innsjøen er den nest største i Europa og ut frå areal den 18. største innsjøen i verda.
Petrozavodsk, hovudstaden i republikken Karelia, ligg på vestsida av Onega. Republikken ligg omkring Onega i vest, nord og aust. I sør grenser han tnil Leningrad oblast og Vologda oblast.
UNESCO sin verdsarvstad, Kizji Pogost, ligg på ei av øyane i Kizji nord i innsjøen. Her står to kyrkjer frå 1700-talet og er høgdepunktet i eit friluftsmuseum for nordrussisk trearkitektur.
Elva Svir, som markerer den sørlege grensa for Karelia, renn ut frå innsjøen i sørvest til Ladoga og held fram gjennom Neva til Finskebukta.
Det er populært å segle på innsjøen. Det er ein segleklubb i Petrozavodsk.
-
Statue av fiskarar på breidda av Onega i Petrozavodsk.
-
Ei trekyrkje på Kizji
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Lake Onega» frå Wikipedia på engelsk, den 29. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: