Open Sound System

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
OSS
Skapar: Hannu Savolainen
Utviklar: 4Front Technologies
Utgjeve: 1992
Nyaste versjon: 4.2 build 2009 (16. februar 2014)
Operativsystem: multiplattform
Type: Audioteknologi
Lisens: GBSD
Nettstad: 4Front Technologies Open Sound System

Open Sound System (OSS) er ein programvarekomponent for UNIX, og tidlegare Linux, der lydkortdrivarar, bufferar, og anna lågnivå infrastruktur for lydhandsaming er plasserte. OSS nyttar standard UNIX POSIX programmeringsgrensesnitt. I Linuxkjerna er OSS erstatta med ALSA, som kan emulera OSS slik at programvare utvikla for OSS framleis kan nyttast.

Med unnatak av Linux er OSS framleis is bruk i dei fleste UNIX-variantane, som til dømes FreeBSD og Solaris.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]