Operahuset i Oslo
| Operahuset i Oslo | |
| Offisielt namn | Den Norske Opera & Ballett |
|---|---|
| Kallenamn | Operahuset i Oslo Operahuset |
| Adresse | Kirsten Flagstads plass 1 0150 Oslo |
| Stad | Oslo i Noreg |
| Arkitekt | Snøhetta AS |
| Påbegynt | 2003 |
| Opna | 12. april 2008 |
| Rom | 1 100 |
Operahuset i Oslo er bygget til Den Norske Opera & Ballett og ligg i Bjørvika inst i Oslofjorden. Huset er teikna av arkitektkontoret Snøhetta AS som vann ein arkitektkonkurranse i 2000. Det vart opna 12. april 2008. Bygningen har vunne mange prisar. Det kvite operabygget er blitt eit monumentalbygg i Oslo, og operataket er blitt ein attraksjon i seg sjølv. Operahuset har fått adresse Kirsten Flagstads plass 1 etter den første sjefen til operaen, Kirsten Flagstad.
Innhaldsliste |
Bygg [endre]
I 1999 vedtok Stortinget at operaen skulle plasserast i Bjørvika. Byggherre vart Statsbygg, arkitekt var Snøhetta AS og entreprisane vart blant anna tildelt Vegdekke. Kostnadsramma var på 3,9 milliardar kroner. Harald V stod for opning av operaen 12. april 2008.
Salane [endre]
Det er tre publikumssalar. Alle stolane i Hovedsalen og på Scene 2 har eit eige system for teksting av librettoen, slik at ein kan velje kva for språk ein vil ha teksten på.
Hovudsalen har 1 358 sitteplassar. Med tanke på akustikken er den bygd med form som ein tradisjonell hestesko. Det er tre balkongar som i front er kledd i eik. Også fronten på balkongane er utforma for å gi god akustikk i salen.
Bilete [endre]
Frå oppføringa av bygget [endre]
-
Operahuset i Oslo under bygging 2005, sett frå sjøsida
Foto: Tomasz Sienicki
-
Operahuset under oppføring hausten 2006