Opphaldsløyve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Midlertidig opphaldsløyve frå Sør-Afrika.

Opphaldsløyve er løyvet ein person får til å opphalda seg i eit land han ikkje er statsborgar i. Nokon som har opphaldsløyve i eit land har rett til å bu og i nokre høve også arbeida der. Dei har derimot som regel ikkje røysterett og kan ikkje stilla til val. Ofte er dei også utelukka frå arbeid innan offentleg sektor, nasjonal tryggleik, og frå å eiga visse typar eigedom, til dømes jordbrukseigedom. Dei kan ikkje få pass av landet dei har opphaldsløyve i, og er som regel ikkje omfatta av konsulatvern.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg treng utlendingar som ikkje er EØS-borgarar, opphaldsløyve for å opphalda seg i landet i meir enn tre månader. Opphaldsløyve gjev ikkje rett til å arbeida i Noreg; for det treng ein arbeidsløyve. Permanent opphaldsløyve gjev ein derimot lov til å arbeida og opphalda seg i landet så lenge ein ønskjer.

Utlendingsdirektoratet (UDI) handsamer søknader om opphaldsløyve. Utanlandske statsborgarar kan få permanent opphaldsløyve etter å ha vore i landet i tre år samanhengjande, med godkjende løyver. Desse løyvene kan vera gjenforeining med familie, arbeidsløyve som faglært og asyl eller opphald på humanitært grunnlag. Ein kan ikkje ha vore utanfor landet i meir enn sju månader i løpet av desse tre åra. Ein må også ha gjennomført ei viss opplæring i norsk og samfunnsfag. Søknaden kan bli avslått om ein er straffa for ei kriminell handling som kan medføra utvising.

EØS-borgarar (i 2010 gjaldt dette ikkje borgarar frå Bulgaria og Romania) har automatisk rett til å bu og ta arbeid i Noreg gjennom Schengen-avtalen. Dei må likevel registrera seg hjå politiet eller eit Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]