Partitiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Partitiv er eit kasus som blir brukt til å merke objektet. Partitiv finst i finsk og i andre austersjøfinske språk, og det blir m.a. brukt i opposisjon til akkusativ, for å uttrykkje aspekt og for å uttrykkje distinksjonar tilsvarande dei vi uttrykkjer med bestemtheit i norsk.

I finsk er regelen for bruk av partitiv og akkusativ følgjande: Viss objektet viser til ei avslutta handling, skal det stå i akkusativ. I andre tilfelle skal det stå i partitiv. Dette inneber at objektet står i partitiv i tilfelle som desse:

  • Join maitoa «Eg drakk mjølk» (ubestemt mengd)
  • En nähnyt sinua «Eg såg ikkje deg» (nekta setning, «sjåinga vart ikkje avslutta»)
  • Luin kirjaa «Eg las i ei bok» (og vart ikkje ferdig, jf. Luin kirjan «Eg las (ut) boka», med akkusativ)
  • Rakastan sinua «Eg elskar deg» (kontinuerleg, ikkje-avsluttande verbhandling, jf. Rakastin hänet kuoliaaksi «Eg elska han/henne til døde», med akkusativ)