Orografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Orografi er læra om høgdeforhold.

I ein datamodell er orografi den gjennomsnittlege høgda i eit visst område målt i geopotensielle meter. I vêr- og klimamodellar definerer orografi den nedre grenseflata, i tillegg til havoverflata. Orografi er ei middelhøgd innanfor eit visst område, og derfor vil høgda til fjell i ein datamodell vere avhengig av den horitsontale oppløysinga til modellen. Jo høgare oppløysing, jo betre vil orografien følgje det verkelege terrenget.

Når bielvene til ei elv eller busetnadar langs ei elv er lista opp i orografisk rekkefølgje så er rekkefølgja frå den høgaste (nær utspringet til elva) til den lågaste (nær munningen).

Orografisk nedbør[endre | endre wikiteksten]

Orografisk nedbør er nedbør som vert danna av at luft som strøymer mot eit fjell vert løfta oppover av fjellet. Denne rørsla oppover fører til at lufta vert avkjølt, noko som igjen fører til at luftfukta kondenserer og dannar skyer og nedbør. I delar av verda der ein har lange periodar med vind frå ei spesiell retning (som vestavinden på Vestlandet) har ein eit våtare klima på losida (oppstraums) av fjellet enn på lesida (nedstraums) (som på Austlandet). Tørrare luft søkk ned på andre sida av fjellet og er hovudsakleg varmare, og fører til ein regnskugge på lesida.

I tillegg til Vestlandet og vestkysten av Canada og Alaska, har ofte havøyane som ligg i området der passatvindane regjerer store nedbørsmengder på vindsida, og ofte tørt og nesten ørkenliknande klima på lesida. Øyane på Hawaii er eit godt døme der vindsida kan få rundt 2 500 mm (nokre fjellsider kan derimot få opp til 12 000 mm), medan lesida kanskje berre har 500 mm.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]