Orval

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Orval

Orval er eit trappistøl frå bryggeriet til trappistklosteret Notre-Dame d'Orval i Vallonia i Belgia. Klosteret vart oppretta som cistercienserkloster i 1132. Det brann ned i 1793 og vart gjenopna i 1926. Bryggeriet vart opna i 1931 for å skaffa inntekter til gjenoppbygging av klosteret. Den første ølen vart selt i 1932. Orval var det første trappistølet som vart selt over heile Belgia.

Orval trappistøl

Ølkritikarar reknar Orval som eit øl i verdsklasse, lik dei andre trappistøla, men det skil seg klart frå dei andre. Dette skuldast mellom anna bruken av villgjær, Brettanomyces i gjæringsprosessen, sjølv om Orval også nyttar anna gjær. Ølet blir lagra i fire veker før det blir distribuert. Ølet som blir selt på klosteret sin kafé er lagra i seks månader. Smaken på ølet kan utvikla seg med lagring, sjølv om den relativt låge alkoholstyrken gjer det mindre egna for lagring enn somme andre trappistøl.

Bryggeriet er til vanleg stengd for publikum, men opnar dørene to dagar kvart år. For tida er det 32 sekulære tilsette.

Produkt[endre | endre wikiteksten]

Orval er det einaste trappistbryggeriet som berre produserer éin variant for kommersielt sal. Han har ein alkoholstyrke på 6,2 %. Ølet er lyst på farge. Det er til sals i Noreg på Vinmonopolet.

Elles produserer bryggeriet ein variant for munkane, som òg kan kjøpast i klosteret sin kafé. Denne har ein alkoholstyrke på 3,5 %, og vert kalla Orval Vert eller Petit Orval.

Det blir brygga om lag 38 000 hektoliter i året. Som hjå alle trappistbryggeri blir inntektene av salet nytta til veldedige føremål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen starta med ei omsetjing frå nederlandsk og engelsk wikipedia, 26. februar 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Trappistøl
Achel | Chimay | La Trappe | Orval | Rochefort | Westmalle | Westvleteren