Westmalle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Westmalle-øl

Westmalle er eit trappistøl frå bryggeriet til trappistklosteret Onze-Lieve-Vrouw van het Heilig Hart i Westmalle i Flandern i Belgia. Klosteret vart stifta i 1836. Munkane begynte å brygga øl same år, først berre til eige bruk, men frå 1856 også for sal. Den først ølen vart skildra som lett i alkoholstyrke og ganske søt. I 1856 kom den første sterkølen til. Bryggeriet er seinare modernisert og utvida fleire gonger, seinast i 2001. Dei fleste tilsette er ikkje munkar, men sekulært tilsette. Det er 22 munkar og 40 tilsette frå utanfor klosteret.

Produkt[endre | endre wikiteksten]

  • Dubbel, 7 % alkoholvolum. Denne varianten har ein mørk raudbrun farge og blir ettergjæra på flaska. Det har vorte brygga sidan 1856.
  • Tripel, 9,5 %, er den best kjende Westmalle-varianten. Det har ein fyldig smak med hint av bitterheit og lys gyllen farge. Det blir ettergjæra i tre veker på flaska. Det vart først brygga i 1934, og oppskrifta har ikkje endra seg sidan 1956.
  • Extra, 5 %, er den lettaste varianten. Han vert berre brygga to gonger i året, til bruk for munkane sjølv. Han er ikkje til sals kommersielt.

Dubbel og Tripel er tilgjengelege i Noreg gjennom Vinmonopolet.

Årsproduksjonen er om lag 120 000 hektoliter. Dette er nesten like mykje som Chimay, det største trappistbryggeriet i Belgia.

21. september 2005 kåra lesarane av New York Times Westmalle Tripel Trappist til det beste ølet i verda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen starta med ei omsetjing frå nederlandsk og engelsk wikipedia, 26. februar 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Trappistøl
Achel | Chimay | La Trappe | Orval | Rochefort | Westmalle | Westvleteren