La Trappe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

La Trappe er ein nederlandsk øltype, og den einaste nederlandske trappistølen. Det vert brygga av bryggeriet Bierbrouwerij De Koningshoeven i klosteret Onze Lieve Vrouw van Koningshoeven ('Vår frue av Koningshoeven') i Berkel-Enschot i Noord-Brabant. Bryggeriet heitte tidlegare De Schaapskooi. Namnet La Trappe kjem frå det franske cistercienserklosteret La Trappe, der trappistordenen vart stifta i 1892.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Munkane levde først av landbruk og feal, men då inntektene frå dette ikkje strekte til for den raskt veksande forsamlinga, såg ein etter alternativ. Ein av paterane var son av ein tysk ølbryggar og hadde lært faget av han. I 1884 vart det difor bestemt å starta ølbrygging. Sidan då har det blitt brygga øl i klosteret.

Med tida vart munkane mindre og mindre direkte involvert i brygginga, og fleire og fleire utanforståande vart tilsett for å driva bryggeriet, men det heldt fram å vera eigd av klosteret. Klosteret laga først undergjæra øl og fekk dermed ein stor marknadsdel i regionen. Dei brygga og øl på oppdrag av andre, til dømes supermarknadskjeda Spar. Merket "La Trappe" vart introdusert i 1958. Dette overgjæra ølet vart først produsert i liten målestokk. I 1980 lausreiv bryggeriet seg frå det belgiske Brouwerij Artois-konsernet, og laga etterpå berre overgjæra øl. La Trappe vart det mest vellykka merket til bryggeriet.

Produkt[endre | endre wikiteksten]

  • Blond, 6,5 % alkoholvolum
  • Dubbel, 7 %. Ein rubinfarga øl.
  • Tripel, 8 %. Mørkeblond farge og fruktig smak.
  • Quadrupel, 10 %. Bitter med litt sødme.
  • Witte Trappist, 5,5 %. Den einaste kveiteølen frå eit trappistbryggeri.
  • Bockbier, 7 %. Den einaste bokkølen frå eit trappistbryggeri.
  • La Trappe Isid'or, ein jubileumsøl til bryggeriet sitt 125-årsjubileum i 2009. Inntektene frå salet av denne går til eit nytt trappistkloster i Uganda.

Dei to variantane blond og dubbel er tilgjengelege i Noreg gjennom Vinmonopolet, per februar 2010.

Status[endre | endre wikiteksten]

Klosteret i Koningshoeven var ein av initiativtakarane til den verna logoen og nemninga "autentisk trappistøl". Men i 1999 mista bryggeriet statusen som trappistøl, grunna kommersielt samarbeid med Bavaria-bryggeriet, som den internasjonale samanslutninga av trappistbryggeri meinte førte til for stor uklarheit om ølen var autentisk trappistøl. I 2005 vart avtalen med Bavaria sagt opp, og La Trappe vart igjen godkjend som ein trappistøl.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå nederlandsk wikipedia, 25. februar 2010.


Trappistøl
Achel | Chimay | La Trappe | Orval | Rochefort | Westmalle | Westvleteren