Ølet Chimay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fire typar Chimay, med Chimay bleu i glaset.

Chimay er eit belgisk trappistøl som har vorte brygga i klosteret Abbaye Notre-Dame de Scourmont i Chimay i Vallonia i Belgia sidan 1862. Det er ein av sju øltypar som får bruka nemninga «trappistøl». Bryggeriet produserer tre variantar for kommersielt sal og éin variant berre for munkane. Bryggeriet vart modernisert i 1988 og produserte i 2005 120 000 hektoliter i året. Sidan 1876 har klosteret òg laga ost, og sel for tida fire ostetypar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1850 vart munkane frå Westvleteren i Flandern inviterte til å oppretta eit cistersienerkloster i Chimay. Klosteret begynte å brygga øl i 1862.

Produkt[endre | endre wikiteksten]

  • Chimay rouge (raud etikett), 7 % alkoholvolum. Vert selt i 75 cl-flasker som Première. Han har mørkebrun farge og søt, fruktig aroma. Malten i dette ølet har ein nøtteaktig kvalitet, som passar med hintet av pepper i bryggeriet sitt gjær. Dette er den eldste av dei noverande Chimay-variantane. Han bør serverast ved 10-12 grader, og helst ikkje lagrast lenger enn eitt år.
  • Chimay bleue (blå etikett), 9 %. Vert selt i 75 cl-flasker som Grande Réserve. Denne koparbrune ølen har ein litt bitter smak. Han blir sett på som den "klassiske" Chimay-ølen, og har ein fruktig og pepperaktig kvalitet. Smaken held fram å utvikla seg i nokon år om han blir lagra. Bør serverast ved 10-12 grader.
  • Chimay triple (kvit etikett), 8 %. Vert selt i 75 cl-flasker som Cinq Cents. Denne ølen er lyst oransje på farge og er den tørraste av dei tre, og den med mest humlepreg. Dette er den yngste av Chimay-variantane. Han bør drikkast ung, ved ein temperatur på 6-8 grader.
  • Chimay Dorée, (svart etikett) 4,8 %. Han er brygga mykje på same måten som den raude, men er bleikare. Dorée blir ikkje selt kommersielt, men blir berre servert i klosteret og det tilhøyrande vertshuset Auberge de Poteaupré. Munkane sjølv drikk denne varianten.

Som hjå dei andre trappistbryggeria, går inntektene av ølsalet til drift av klosteret og gode formål. Bryggeriet betaler leige til klosteret, som vert brukt til drifta av klosteret, medan overskotet av salet går til veldedige formål i regionen.

Vatnet til brygginga kjem frå ein brønn innanfor klostermurane. Restprodukt frå meskinga blir brukt som dyrefor. Ølen vert ikkje filtrert eller pasteurisert. Han vert tappa på flaske på ein fabrikk 12 km frå klosteret, for at denne industrielle prosessen ikkje skal forstyrra klosterlivet. Ølen blir så ettergjæra på flaska i tre veker før det blir sendt ut til sal. 20 % av produksjonen blir selt på eksportmarknaden.

Alle dei tre kommersielt produsert variantane er tilgjengelege i Noreg gjennom Vinmonopolet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk og nederlandsk wikipedia, 25. februar 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Trappistøl
Achel | Chimay | La Trappe | Orval | Rochefort | Westmalle | Westvleteren