Bjørn Helland-Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bjørn Helland-Hansen

Bjørn Helland-Hansen (15. oktober 18777. september 1957) var ein norsk oseanograf som har fått det meste av æra for å ha oppretta Geofysisk Institutt i Bergen. Dette førte til at Vilhelm Bjerknes kom til Bergen for å styre den meteorologiske avdelinga av instituttet. Her oppretta Bjerknes Bergensskulen i meteorologi, som danna grunnlaget for den moderne vêrvarslinga. Likningane om atmosfæriske straumar som Bjerknes utvikla, blei vidareført av Helland-Hansen til å gjelde for havstraumar, og la med det, saman med svenskane Vagn Walfrid Ekman og Johan Wilhelm Sandström, grunnlaget for den moderne fysiske oseanografi.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Helland-Hansen vart fødd i Oslo. Han starta først med medisinstudiar, men viste òg interesse for studiar av solaktivitet. I 1898 vart han med Kristian Birkeland på ein ekspedisjon i Nord-Noreg for å studere nordlys. Dei kom ut for ein forrykande vinterstorm og Helland-Hansen fraus fleire fingrar, som då måtte amputerast. Etter dette gav han opp medsinstudiane og byrja som assistent hos Birkeland i Kristiania for å studere solflekkar. Her møtte han Johan Hjort, som freista han til å byrje med havforsking i staden. Helland-Hansen flytta til København og lærte faget hos professor Martin Knudsen, som på den tida var ein av dei fremste forskarane innan faget.

Berre to år seinare, i 1900, kom Helland-Hansen til Bergen som vitskapleg assistent ved Fiskeristyret (som seinare vart Fiskeridirektoratet). Dei første åra reiste han mykje på tokt med skipet «Michael Sars» i lag med Fridtjof Nansen, som då var zoolog ved Bergens Museum. Nansen hadde laga ein plan for utforskinga av Norskehavet og denne blei gjennomført av Helland-Hansen i 1901-1904. Data frå desse tokta utgjorde hovudgrunnlaget for det klassiske verket «The Norwegian Sea» av Helland-Hansen og Nansen i 1909.

I 1906 vart Helland-Hansen styrar for Den Biologiske Stasjon. Helland-Hansen deltok til ei viss grad i det fiskeribiologiske arbeidet, bl.a. medverka han til statistiske undersøkingar av torsk og hyse i Nordsjøen. Eit anna område han engasjerte seg i var vekselverknadar mellom straumane i det nordaustlege Atlanterhavet og klimaet i Nord-Europa. Dette er forsking som framleis er aktuell.

I 1910 prøvde Universitetet i Oslo å få eit professorat for Helland-Hansen, med sterk støtte frå Bjerknes og Nansen. Regjeringa la fram eit forslag om personleg professorat i Kristiania, men Stortinget ville ikkje svekke det viktige havforskingsarbeidet i Bergen og vedtok i 1911 eit lønstillegg, midlar til ein assistent og nytt forskingsfartøy for Helland-Hansen i Bergen. Det nye forskingsfartøyet stod klart i 1912 og fekk namnet «Armauer Hansen».

Første verdskrig kom kort etter, og Helland-Hansen nytta denne perioden til intens forsking. I 1916 publiserte han ein ny metode i oseanografien for bruk og tolking av TS-diagrammet. Denne metoden blei etter kvart brukt over heile verda.

I 1917 vart Det Geofysiske Institutt oppretta etter forslag frå Helland-Hansen til styret for Bergens Museum. Dette var tenkt som eit ledd i utviklinga av eit matematisk-naturvitskapleg fakultet. Det vart oppretta tre avdelingar: Hydrografi (fysisk oseanografi), meteorologi og jordmagnetisme. Helland-Hansen tok sjølv styringa av oseanografi-avdelinga, medan Vilhelm Bjerknes kom til Bergen for å styre meteorologi-avdelinga.

Etter freden i 1918 fortsette Helland-Hansen med storstilt oseanografisk forsking, frå store feltundersøkingar til teori og databehandling, i tillegg til at han hadde ansvar for undervisning og administrativt arbeid ved instituttet. I tillegg deltok han i utviklinga av Christian Michelsens Instiutt (CMI) som oppstod i 1930. Helland-Hansen var første styreformann i instituttet, ein stilling han hadde i 25 år.

I 1936 vart Helland-Hansen vald til president for «Den internasjonale assosiasjon for fysisk oseanografi», og same året vart han riddar av 1. orden av St. Olavs ordenen for sin vitskaplege innsats. I 1946 vart han òg tildelt Kommandørkors av St. Olavsorden for si teneste ved Bergens Museum. I perioden 1945-1948 var han president for «Den internasjonale union for geodesi og geofysik». Helland-Hansen fråtredde stillinga som professor i 1946.

Ei øy i Karahavet nær Heibergøyane i Russland er kalla opp etter Helland-Hansen. Ho vart namngjeve av Fridtjof Nansen under Framekspedisjonen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]