Oslo lufthamn, Fornebu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Fornebu flyplass i 1956.

Oslo lufthamn, Fornebu, eller Fornebu flyplass, som låg på ei halvøy i Bærum kommune ut i Indre Oslofjord i nærleiken av grensa til Oslo kommune, om lag åtte kilometer frå Oslo sentrum, var hovudflyplassen i Noreg frå 1939 til han vart avløyst av Oslo Lufthamn, Gardermoen i 1998. Deretter vart flyplassen lagd ned, og området vart stilt til rådvelde for bygging av bustadblokker og kontorbygg.

Fornebu flyplass hadde to rullebanar, ein på 2370 meter og ein på 1800 meter. Ettersom flyplassen låg ved fjorden, kunne han ved opninga i 1938 fungere som terminal både for fly som landa på land og fly som landa på sjø, og dette var viktig i tider då det var mange sjøflyruter her i landet på grunn av skorten på flyplassar. Flyplassen kunne såleis erstatte den vanleg brukte flyplassen på Kjeller i nærleiken av Lillestrøm og sjøflyhamna på øya Gressholmen innanfor Oslo si bygrense i Indre Oslofjord.

Flyplassen vart bygd ut i stor skala i 1980-åra. Då flyplassen vart lagt ned på slutten av 1990-talet hadde han ein stor ekspedisjonsbygning i tre høgder, ein for innkomande trafikk, ein for utgåande trafikk og ei høgd for administrasjon, og med ein sattelitterminal for internasjonale ruter og to sattelitterminalar for innanriksruter. Alt i alt var terminalbygget på 36 000 rutemeter. Det var utsmykka med fleire store kunstverk og veggmåleri, og somme av desse er teke vare på på staden. Ekspedisjonsbygningen, som hadde vorte opna i 1964, var teikna av arkitekt Odd Nansen, og veggdekorasjonar hadde Kai Fjell og Snorre Andersen stått for.

På flyplassen var det oppstillingsplassar for til saman tjue fly, men berre fem bruer for beinveges tilgang til flya, slik at ferdafolket for det meste måtte gå på marknivå i all slags vêr mellom utgangsportane og flya.

Av dei to rullebanane var berre den lengste på 2370 meter i dagleg bruk, og under vanlege vêrtilhøve skulle flytrafikken gå mest mogleg over Oslofjorden for å skåne dei tettfolka områda kring flyplassen for støyen frå flya. Ikkje minst støyplaga, men òg skorten på areal, var avgjerande for at Fornebu ikkje kunne byggjast vidare ut som hovudflyplass.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Oslo lufthamn, Fornebu