Ottone in villa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ottone in villa
RV 729
Opera av Antonio Vivaldi
Sjanger Opera
Periode Barokken
Komponert 21. april 1713
Første framføring 17. mai 1713
Typisk lengd 163:16
Tekst av Domenico Lalli

Ottone in villa (RV 729) er ein opera i tre akter av Antonio Vivaldi til ein italiensk libretto av Domenico Lalli (psevdonymet til Sebastiano Biancardi). Det var den første operaen til Vivaldi og hadde premiere 17. mai 1713 ved Teatro delle Grazie i Vicenza.[1] Det hyrdelege dramet til Lalli er sett til Roma i antikken og vart rekna som ei tilpassing av den satiriske librettoen til Francesco Maria Piccioli for operaen til Carlo Pallavicino Messalina (1679). Lalli endra fleire av rollene i librettoen til Piccioli. Valeria Messalina var ein ny karakter, Cleonilla. Keisar Claudius vart ein annan romersk keisar, Otho (Ottone), som alt hadde vore hovudrolla i Monteverdi-operaen L'incoronazione di Poppea (1642) og i Händel sin Agrippina (1709).[2]

Roller[endre | endre wikiteksten]

Rolle Røyst Premierebesetning, 17. mai 1713
Cleonilla sopran Anna Maria Giusti "La Romanina" [3]
Ottone kontraalt Diana Vico
Caio Silio sopran kastrat Bartolomeo Bartoli
Decio tenor Gaetano Mossi
Tullia sopran Margherita Fazzoli

Oversikt[endre | endre wikiteksten]

Den romerske keisaren Ottone er forelska i Cleonilla, som ikkje klarar å motstå å flørte med dei to unge romarane Ostilio og Caio. Ostilio er i røynda ei kvinne, Tullia, som kler seg ut fordi ho er forelska i Caio. Ho har planar om å drepe Cleonilla på grunn av sjalusi, men ho prøver først å overtale ho frå å gå inn i eit forhold med Caio. Caio ser møtet og mistolkar det som eit romantisk møte. Han åtvarar Ottone, som kommanderer han til å drepe Ostilio. Før han set i verk ordren, viser Ostilio seg for han som Tullia. Cleonilla hevdar ho har visst dette heile vegen for å forsone Ottone. Han trur på ho og operaen endar med eit bryllaup mellom Tullia og Caio.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar og referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Casaglia ("17 Maggio 1713, Mercoledì"). Merk at dei fleste kjeldene oppgjev premierestaden som Teatro delle Grazie, medan Strohm (1985, s.141) oppgjer Teatro Nuovo di Piazza. Det er mykje forvirring kring namna på teatra i Vicenza. Først vart Teatro delle Grazie kalla Nuovo Teatro delle Grazie og eksisterte samstundes med Teatro di Piazza. I følgje Folena og Arnaldi (1976, s. 295), vart Teatro delle Grazie bygd på same staden som Teatro delle Garzerie som brende ned i 1683.
  2. Ketterer (2008, s. 61-62)
  3. Premierebesetning frå Strohm (1985, s.141). Sjå òg Casaglia.