Oyashiostraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oyashiostraumen møter Kuroshiostraumen nær Hokkaido. Når dei kollidarer skapar dei virvlar. Planteplankton i overflatevatnet gjer at ein kan spore vatnet.
Havstraumane omgjev Japan: 1. Kuroshio 2.Kuroshioforleninga 3. Kuroshiomotstraumen 4. Tsushimastraumen 5. Tsugarustraumen 6. Sōyastraumen 7. Oyashiostraumen 8. Limanstraumen.

Oyashiostraumen er ein havstraum nordvest i Stillehavet. Han kjem frå Beringhavet og flyt forbi austkysten av Kamtsjatka og Kurilane før han møter den varme Kuroshiostraumen mellom 37 og 40 °N. Her delar han seg og søkk til dels under og bøyar til dels austover. Vatnet i Oyashio er ein subarktisk vassmasse med låg temperatur og låg salinitet. Det er næringsrikt og har mykje plankton, noko som gjev vatnet ein brunfarge. Der Der Oyashio møter Kuroshio, får ein derfor ein kraftig temperaturkontrast (oseanisk polarfront) og fargekontrast. Japanske forskarar reknar med at Oyashio har ei vassføring på 15 Sverdup, som er om lag ein fjerdedel av Kuroshio.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]