Planteplankton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Diatomèar som denne er mellom dei vanlegaste formene for planteplankton

Planteplankton eller fytoplankton er planktonorganismar med fotosyntese. Desse er som regel for små til å bli sett med det blotte auga, iallefall individuelt. Dersom det er mykje planteplankton i vatnet kan ein likevel sjå dei som eit grønt skjer i vatnet. Dette kjem av klorofyll i cellene deira eller av pigment i såkalla fycobiliprotein.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Planteplankton får energien sin frå fotosyntese, ein prosess som krev lys. Difor lever dei i den såkalla eufotiske sona; det solopplyste overflatelaget i havet, fjorden, innsjøen e.l. Opp til 90 % av oksygenet i atmosfæra kjem frå fotosyntetiserande planteplankton. I tillegg til dette er planteplankton det grunnleggjande elementet i så godt som alle marine næringskjeder.

I tillegg til lys treng planteplanktonet ymse næringsstoff for å kunne veksa. Dette er hovudsakleg makronæringsstoff som nitrat, fosfat og silikat, men òg jarn er viktig. Særleg i Sørishavet er det lite jarn i omløp, noko som gjer at mengda planteplankton der er lita. Nokre forskarar meiner ein bør gjødsla slike potensielle algefelt med jarn som eit mottiltak mot CO2-utslepp.

Typar av planteplankton[endre | endre wikiteksten]

Ordet planteplankton vert nytta om alle foto-autotrofe mikroorganismar i akvatiske næringsnett. Dette omfattar mange ulike grupper - i motsetnad til på landjorda, kor dei fleste autotrofar er plantar, omfattar planteplankton både alger, protistar, bakterier og arkebakterier. Me kjenner til om lag 5000 artar marint planteplankton.

Målt i tal på individ er dei viktigaste gruppene planteplankton diatomèar, cyanobakterier og dinoflagellatar, sjølv om det òg eksisterer mange andre grupper alger. Ei gruppe, coccolithophoridane, er delvis ansvarleg for store utslepp av dimetyl-sulfid (DMS) i atmosfæra. DMS vert omdanna til sulfat, som igjen trekkjer til seg vassmolekyl og dannar skyer.

I oligotrofe havområde som Sargassohavet består planteplanktonet for det meste av særs små celler, kalla picoplankton. Som regel tyder dette store mengder cyanobakterier (Prochlorococcus, Synechococcus) og pico-eukaryotar som Micromonas.