Pål Trulsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pål Trulsen (fødd 19. april 1962) er ein norsk curlingspelar fra Oslo.

Pål Trulsen deltok i OL 1992 i Albertville, der curling var demonstrasjonsgrein. Her tok det norske laget sølvmedaljar, etter å ha tapa for Sveits i finalen. Etter fire skuffande VM-turneringar i 1993, 1997, 1999 og 2000 tok Trulsen VM-bronse i 2001. Eit år seiare vart Trulsen verdsberømt da Noreg tok gullmedaljen ved å slå Canada i finalen i Salt Lake City-OL.

Etter OL-gullet tok Trulsen sølv i VM 2002 og bronse i 2003. I 2005 vann Trulsen EM-finalen mot Sverige. Dette var det første norske EM-gullet i curling sidan 1993. I Torino-OL i 2006, kom Trulsen og laget hans på femte plass.