Pýlos
Pýlos (gresk Πύλος), historisk kjend under det italienske namnet Navarino, er ein by og tidlegare kommune på Peloponnes i Hellas. Sidan 2011 har han vore ein del av kommunen Pýlos-Néstoras i periferieininga Messinía i periferien Peloponnes.
Pýlos var før administrasjonsstad for den tidlegare provinsen Pylía. Nærliggande landsbyar er mellom andre Jálova, Eleófyto, Skhinólakka og Paleónero. Byen Pýlos har kring 2500 innbyggjarar, medan kommuneeininga har kring 5500 innbyggjarar.
Pýlos er ein viktig arkeologisk stad på vestkysten av Peloponnes. Pýlos frå bronsealderen vart først graven ut av Carl Blegen i 1952. Denne staden ligg ved den moderne Áno Eglianós om lag 9 km nordaust for bukta. Blegen kalla restane etter eit stor mykensk palass der det såkalla «Nestorpalasset» etter den homerske herskaren Nestor, som styrte over «sandete Pýlos» i Iliaden. Pýlos vart fråflytta ei stund etter 700-talet fvt. og er stort sett ukjend i antikken.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Pylos» frå Wikipedia på engelsk, den 26. desember 2011.