Messinía

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Messinía
Περιφερειακή ενότητα Μεσσηνίας
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Peloponnes
Hovudstad Kalamáta
Folketal 159 954 (2011) Rangering 15.
Areal 2 991 km²
Folketettleik 53/km²
Kommunar 6
Postnummer 24x xx
Retningsnummer 272x0, 276x0
Bilnummer KM
Heimeside www.na-messinias.gr

Periferieininga Messinía (gresk Περιφερειακή ενότητα Μεσσηνίας, Periferiakí enótita Messinías), tidlegare òg skrive Messenia, er ei periferieining i Hellas i periferien Peloponnes. Hovudstaden i periferieininga er Kalamáta.

Messinía grenser i aust til fjellet Taýjetos, i nord til elva Néda og Arkadíafjella, i vest til Det joniske havet og i sør til Messiníabukta. Utanfor sørkysten ligg dei tre Inoússesøyane og den vetle øya Venétiko. Av prefektur grenser Messinía til Ilía i nord, Arkadía i nordaust og Lakonía i aust.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var Messinía eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i seks kommunar.

Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Messinía Vest-Máni Avía
Lévktro
Kalamáta Kalamáta
Áris
Arfará
Thouría
Messíni Messíni
Epía
Androúsa
Aristoménis
Voufrádes
Ithómi
Petalídi
Tríkorfo
Pýlos-Néstoras Pýlos
Koróni
Methóni
Néstoras
Papafléssas
Khiliokhória
Trifylía Kyparissía
Aetós
Avlónas
Gargaliáni
Filiatrá
Tripýla
Ikhalía Ikhalía
Andanía
Dório
Íra
Meligalás

Historie[endre | endre wikiteksten]

I Homer sine episke dikt er dei austlege områda av Messinía under styret til Menelaos av Sparta, medan vestkysten er under neleidane av Pýlos, men etter Menelaos døydde vart grensa til Messinía pressa så lang aust som til Taýjetos.

Kart over Messinía i antikken.

Dorianarar kom etter kvart til området, men den rike jorda og det gode klimaet gjorde at Sparta ønska området, og det braut ut krig, der mellom anna den spartanske kongen Teleklos vart myrda av messinianarane. Det heile enda likevel med at Messinía vart ein del av Sparta(om lag 720 fvt.). To generasjonar seinare gjorde messinianarane opprør og med Aristomenes som leiar haldt dei spartanarane unna i 17 år (648631 fvt., ifølgje Grote). Festninga Íra fall derimot etter ei omleiring som varte elleve år.

Det neste opprøret braut i 464 fvt., då eit kraftig jordskjelv øydela Sparta og tok mange liv. Opprørarane forsvarte seg sjølv i nokre år ved Ithómi, som dei hadde gjort under den første krigen, men dei måtte til slutt forlate Peloponnes. Etter slaget ved Levktra (371 fvt.) inviterte Epaminondas messininarar i eksil i Italia, Sicilia, Afrika og andre stader tilbake til landet sitt. Byen Messíni vart grunnlagd 369 fvt. og vart hovudstad i landet, og som Megalopolis i Arkadia, vart eit mektig hinder for Sparta. Andre byar vart óg grunnlagd på denne tida, men mykje av landområda rundt var tynt folkesett. Sjølv om dei var forholdsvis sjølvstendige vart ikkje Messinía ei verkrleg stormakt og klarte seg ikkje utan hjelp utanfrå.

Etter kvart vart Messinía allierte av Filip II av Makedonia og tok ikkje del i slaget ved Khaeronea (338 fvt.). Dei vart så med i Det akhaiske forbundet. Filip V sende Demetrios av Faros for å erobre Messíni, men tapte og mista livet. Like etter klarte den spartanske tyrannen Nabis å erobre byen, men måtte forlate byen då Filopoemen og megalopolitanarane erobra byen. Under den påfølgjande krigen med Det akhaiske forbundet vart Filopoemen fanga og avretta av messininarane (183 fvt.), men Lykortas tok byen igjen året etter, og han vart igjen ein del av Det akhaiske forbundet.

I 146 fvt. kom Messinía, i lag med dei andre greske statane, inn under Romarriket, og seinare vart det ein del av Austromarriket. Seinare igjen vart det invadert av slavarar.

I mellomalderen vart Messinía ein del av Frankarriket. Det meste av Messinía vart erobra av Det osmanske riket1400-talet, men eit lite området vart verande ein del av Republikken Venezia. I 1680-åra vart heile Messinía erobra av Venezia, før osmanarane igjen tok over i 1730-åra. Messinía vart igjen ein del av Hellas under den greske sjølvstendekrigen i 1821. Eit av dei mest kjende slaga under krigen var slaget ved Navarino, der den tyrkiske flåten tapte.

På 1800-talet betra dei økonomiske tilhøva seg i Messinía, men mange emigrerte til større greske byar og til utlandet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klima er varmt med temperaturar noko høgare enn i Aten. Det er ikkje vanleg med snø om vinteren, bortsett frå dei høgaste fjella som Taýjetos.

Koordinatar: 37°15′N 21°50′E

Kjelde[endre | endre wikiteksten]