Noord-Brabant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Provincie Noord-Brabant
Provinsen Nord-Brabant
North Brabant-Flag.svg Våpenet til Provincie Noord-Brabant
Flagg Våpen
Plasseringa til Provincie Noord-Brabant
Hovudstad 's-Hertogenbosch
Største by Eindhoven
Dronninga sin kommissær Wim van de Donk
Religion (1999) protestant 7%
romersk-katolsk 67%
Areal
 • Land
 • Vatn
 
4 919 km² (2.)
162 km²
Folketal (2006)
 • Totalt
 • Folketettleik

2 415 946 (3.)
491/km² (5.)
Hymne «Brabant»
Offisiell nettstad www.brabant.nl

Noord-Brabant er ein provins i Nederland og ligg sør i landet. Provinsen grensar til Belgia i sør, elva Maas i nord, Limburg i aust og Zeeland i vest.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fram til 1600-talet var området som i dag utgjer Noord-Brabant stort sett ein del av Hertugdømet Brabant. Den sørlege delen av dette hertugdømet høyrer i dag til Belgia. På 1300- og 1400-talet hadde området gullalderen sin og særleg byane Leuven (Louvain), Antwerpen (i Belgia), Breda og 's-Hertogenbosch (Bois-le-Duc).

Etter at Utrechtunionen vart signert i 1579 vart Brabant ei slagmark mellom det protestantiske Dei sameinte Nederlanda og det katolske Spania, som okkuperte det sørlege Nederland. Etter freden i Westfalen, den nordlege delen av Brabant vart ein del av Nederland.

I 1796 vart Nederland Den bataviske republikken etter franskmennene invaderte området.

I 1815 vart Belgia og Nederland slått saman i Det sameinte kongedømet Nederland, og provinsen Noord-Brabant vart oppretta. I 1830 vart kongedømet delt i dagens Belgia og Nederland. Grensa mellom Nederland og Belgia i dette området er ikkje ei kontinuerleg linje, men består av mange små enklavar (og enklvar inne i enklavane) på begge sider av grensa, som Baarle-Hertog. Då provinsen vart grunnlagd vart området utvida til å dekke delar av provinsen Holland og dei tidlegare områda Ravenstein som tidlegare hadde vore ein del av Hertugdømet Cleves, i tillegg til fleire små, tidlegare sjølvstendige einingar.

Frå slutten av 1800-talet vart provinsen industrialisert. Tilburg og Helmond var senter for tekstilproduksjon, medan byen Eindhoven hadde vokse til å verte den femte største byen i landet på grunn av selskapa Philips og DAF.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Noord-Brabant er i dag inndelt i 68 kommunar. Tradisjonelt har nesten kvar by sin eigen kommune, men talet på kommunar kvart kraftig redusert i 1990-åra då fleire småkommunar vart slått saman. Kommunane i Noord-Brabant er:

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Som det meste av Nederland er Noord-Brabant hovudsakleg flatt. Dei fleste innbyggjarane bur i urbane område, men ein del av provinsen er ikkje busett sjølv om det meste av landområdet er oppdyrka.

Provinsen grensar til elva Maas i nord og deltaet til denne elva renn gjennom nasjonalparken Biesbosch.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]