Paal-Helge Haugen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paal-Helge Haugen (fødd 26. april 1945 i Valle i Setesdal) er ein norsk forfattar og gjendiktar.
Han studerte medisin ved Universitetet i Oslo frå 1964 til 1970. Frå 1971-72 studerte han film- og teater i USA, frå 1973-1978 underviste han i film- og skjønnlitterær skriving og frå 1978 har han vore forfattar på heiltid. Bur i Songdalen, der kommunen har kalla ein park opp etter han.
Paal-Helge Haugen var med i Profil-krinsen på 1960-talet, frå 1965-67 var han redaksjonsmedlem i Profil. Den fyrste eigne boka hans var diktsamlinga På botnen av ein mørk sommar som kom i 1967, før det hadde han fått utgitt to gjendiktingar, Blad fra ein austleg hage med haiku-dikt og Kinesisk lyrikk. I 1968 kom punktromanen Anne der han brukte dokumentariske tekstar i fiksjonen og boka vekte mykje merksemd. Etter det har han skreve fleire diktsamlingar og også gjendikta poesi til norsk. Han vert rekna som ein av dei fremste lyrikarane i sin generasjon og han har vorte omsett til ei rekkje språk. Han har samarbeidd mykje med andre, både lyrikarar, musikarar og biletkunstnarar.
[endre] Bibliografi
- Blad frå ein austleg hage – haiku, gjendiktning (1965)
- Kinesisk lyrikk – gjendiktning(1966)
- På botnen av ein mørk sommar – Noveller (1967)
- Anne – roman (1968)
- Sangbok – noveller (1969)
- Det nye amerikanske huset – gjendiktning (1970)
- Beman barrikadene - fienden har sluppet løs sin pyjamas! Antologi over engelsk og amerikansk pop-poesi, red. Paal-Helge Haugen og Einar Økland, (1970)
- Det synlege menneske – dikt (1975)
- Fram i lyset, tydeleg – dikt (1978)
- Steingjerde – dikt (1979)
- Herr Tidemann reiser – barnebok (1980)
- Spor – dikt i utvalg (1967-1980) (1980)
- I dette huset. – dikt (1984) (sammen med Erling Kittelsen)
- Det overvintra lyset – dikt (1985)
- Inga anna tid, ingen annan stad – musikkdrama – (1986) (sammen med Gunnar Germeten jr og Rolf Inge Godøy)
- Horisont – tekst og bilder – (1986) (Sammen med Kjell Nupen)
- Verden Open – dikt i utvalg (1987)
- Magma – dikt i utvalg/gjendiktning (1987)
- Vårfuglen – barnebok(1989) (sammen med Mette Newth)
- Gjennom steinen – barnebok (1990) (sammen med Mette Newth)
- Meditasjonar over Georges de la Tour – dikt (1990)
- Introduksjon. Ein skillingsmonolog(utgjeven av PHH) – (1990)
- Vidde. Eit dikt – (1991) (illustrert av Gunnar Torvund)
- Haiku. 200 norske versjonar – haiku (1992)
- Sone 0 – dikt (1992)
- Alexandrias aske – dikt (1993) (sammen med Lars Saabye Christensen, Gro Dahle og Thorvald Steen)
- Ax – musikkdrama (1993)
- Ei natt på jorda – oratorium (1993) (musikk Kjell Habbestad)
- Eldsalamanderen – barnebok (1994) (sammen med Mette Newth)
- Hertervig – operalibretto (1995)
- Hans Egedes natt – libretto til kammeropera (1995)
- Pilegrimen – kirkespill (1995)
- Poesi – dikt i samling 1965 - 1995 (1995)
- Vindsalme for dei døde. Rekviem til 50-årsmarkeringen av slutten på andre verdenskrig – (1995)
- Nidaros – oratorium (1997)
- Kvartett 2008 4 diktsamlingar gitt ut samla i ein sølvfarga plastpose: G's bok, Dantes oske, Passasje, Visum(2008)
[endre] Prisar og utmerkingar
- 1968 - Norsk kulturråds litteraturpris
- 1985 - Gyldendals legat
- 1985 - Nynorsk litteraturpris
- 1986 - Doblougprisen
- 1986 - Richard Wilbur Prize, USA
- 1990 - Nominert til Nordisk Råds litteraturpris
- 1990 - Kritikarprisen
- 1990 - Cappelenprisen
- 1992 - Brageprisen
- 2001 - Edvardprisen

