Gro Dahle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gro Dahle
Nyhus Dahle 2005.jpg
Gro Dahle med ektemannen Svein Nyhus
Nasjonalitet Norsk
Fødd 15. mai 1962 (51 år)
Yrke Forfattar
Periode 1987-
Ektefelle Svein Nyhus
Debut Audiens

Gro Dahle (fødd 15. mai 1962)[1] er ein norsk forfattar og diktar. Dahle er oppvaksen i Oslo, Tønsberg, New Jersey i USA og på Aruba i Det karibiske havet. Ho er cand. mag. frå Universitetet i Oslo, med studiar i idehistorie, religionshistorie og psykologi. Ho er utdanna formingslærar og har studert kreativ skriving ved Forfattarstudiet ved Høgskolen i Telemark. Ho var festspeldiktar under Festspela i Bergen i 1995. Dahle har gjeve ut dikt, noveller og forteljingar. Ho har òg skrive fagbøker, songtekstar og skodespel, og Dahle er med i ei rekkje antologiar. Ho skriv for både barn og vaksne. Bøkene hennar er omsette til fleire språk. Fleire av barnebøkene hennar har vore gjevne ut som lydbøker. Gro Dahle bur på Tjøme.

Gro Dahle er dottera til industrileiaren og organisasjonsmannen Øystein Dahle og gift med teiknaren og forfattaren Svein Nyhus.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Audiens - dikt (1987)
  • Apens evangelium - dikt (1989)
  • Pelsjegerliv - noveller (1991)
  • Linneapasjonen - dikt (1992)
  • Emilie og den umulige Mamman - barnebok (1992) (med eigne teikningar]
  • Bare blåbær, Bjarne (1993) (illustrert av Svein Nyhus)
  • Alexandrias aske - dikt (1993) (saman med Lars Saabye Christensen, Paal-Helge Haugen og Thorvald Steen)
  • Simon og Kaia bader - biletbok (1993) (illustrert av Eldbjørg Ribe)
  • Skrivekurs for skrivelystne - sakprosa (1994)
  • Regnværsgåter - dikt (1994)
  • Simon og Kaia tisser - biletbok (1994) (illustrert av Eldbjørg Ribe)
  • Inflammasjon - noveller (1995)
  • Simon og Kaia kler på seg - biletbok (1995) (illustrert av Eldbjørg Ribe)
  • Hundre tusen timer - dikt (1996)
  • Simon og Kaia ser på video - biletbok (1996) (illustrert av Eldbjørg Ribe)
  • ABC- skolebok (1997) (saman med Dagrun Skjelbred)
  • Den grådige ungen - biletbok (1997) (illustrert av Svein Nyhus]
  • Velkommen til speilet - tekstar (1997) (illustrert av Lars Elling)
  • Karneval - dikt i utvalg (1998)
  • Den helt vidunderlige grisen Nøffi - biletbok (1998) (illustrert av Svein Nyhus]
  • Album - tekstar (1999), (illustert av Lars Elling)
  • Hemmeligheten til fru Plomme - barnebok (1999) (illustrert av Svein Nyhus)
  • Bak Mumme bor Moni - biletbok (2000) (illustrert av Svein Nyhus)
  • Simon og Kaia bader og kler på seg (illustrert av Eldbjørg Ribe)
  • Fem vinder over Tamalon - fantasyroman for barn (2001)
  • Loop - tekstar, (2001)
  • Snill - biletbok (2002) (illustrert av Svein Nyhus)
  • Sinna mann - biletbok (2003) (illustrert av Svein Nyhus)
  • Djeveltanna - barnebok (2004)
  • Ikke gi opp håpet, Werner - teikna kortroman (2005)
  • Tikk takk, sier Tiden - biletbok (2005) (illustrert av Svein Nyhus)
  • Velkommen til språket - sakprosa (2005) (saman med Kjersti Wold)
  • Huset i snøen - roman (2006)
  • Håret til mamma - (2007, illustrert av Svein Nyhus)
  • Alle fugler - diktsamling (2007)
  • Roy - (2008, illustrert av Svein Nyhus)
  • God natt, natt - (2009, illustrert av Svein Nyhus)
  • Hvem som helst, hvor som helst - novellesamling (2009)
  • Blomstehandlersken - roman (2010)
  • Håpe, sa gåsa - barnebok (2011, illustrert av Kaia Dahle Nyhus)
  • Støvet, skyggen, hunden og jeg - diktsamling (2011)
  • Knutsen & Ludvigsen: Juba juba - sakprosa (2011)
  • Hundre tusen timer - lyrikk (2012)
  • Jeg kunne spise en ku - barnebok (2012)

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gro Dahle (15.05.1962)». forfatterkatalogen.no. Vitja 15. februar 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]