Pablo Aimar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pablo Aimar


Statsborgarskap Argentina
Fødd 3. november 1979 (44 år)
Río Cuarto
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 2006, VM i fotball 2002

Pablo César Aimar Giordano (fødd 3. november 1979) er ein argentinsk tidlegare fotballspelar. Han var ein offensiv midtbanespelar med blendande teknikk. Med Valencia CF vart han spansk ligamneister 2002, 2004 og vinnar av UEFA-cupen 2004.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Aimar debuterte på River Plate i august 1996. I januar 2001 vart han overført til spanske Valencia CF mot 24 millionar euro. Fire månader seinare måtte han innsjå at laget tapte meisterligafinalen mot Bayern München etter straffeskyting. Sidan bidrog Aimar mykje til at Valencia vann La Liga i 2002 og 2004, våren 2004 gjekk klubben til topps også i UEFA-cupen. Sommaren 2006 flytta han over til Real Zaragoza. Då klubben hamna i økonomisk kaos i 2008 og rykte ned ein divisjon, tok Aimar steget over i portugisisk fotball. Perioden 2008-13 gjorde han teneste i Benfica, og var med om å verte seriemeister i 2010. Då klubben spelte finale i Europa-ligaen 15. mai 2013, sat han på reservebenken alle 90 minutta. Karrieren var i praksis over.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Aimar deltok over ein periode på ti år, 1991-2009, i 52 av landskampane til Argentina. Han representerte landet i verdsmeisterskapane 2002 og 2006, og i to Copa América. I 2007 tapte han og lagkameratane finalen i Copa América med 0–3 overfor Brasil. Aimar skåra i alt 8 landslagsmål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]