Lionel Messi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lionel Messi
Messi Training .jpg
Personleg informasjon
Namn Lionel Andrés Messi
Fødselsdato 24. juni 1987
Fødestad Rosario i Argentina
Høgd 169 cm
Posisjon Ving /spiss
Klubbinformasjon
Spelar for Barcelona
Draktnummer 10
Ungdomsklubb
1995-2000
2000-04
Argentina Newell's Old Boys
Spania Barcelona
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2004-05
2004-
Spania Barcelona B
Spania Barcelona
5 (0)
188 (133)
Landslag**
2005- Argentina Argentina 64 (18)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 14. mars 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 20. februar 2010.

Lionel Andrés Messi (fødd 24. juni 1987 i Rosario i Santa Fe-provinsen) er ein argentinsk fotballspelar som spelar som angrepsspelar for Barcelona i spansk Primera Division, og på Argentina sitt landslag.

Messi begynte å spela fotball i ung alder, og talentet hans vart raskt oppdaga av Barcelona. Han forlet Rosario-klubben Newell's Old Boys sitt ungdomslag i 2000 og flytta til Europa med familien, då Barcelona tilbaud han behandling for veksthormonsjukdommen hans. Han debuterte for Barcelona i 2004/05-sesongen og sette ny rekord for yngste fotballspelar i ein spansk ligakamp, og dessutan yngstemann til å skåra ligamål. Han fekk gjennombrotet sitt i 2006/07-sesongen då han vart fast på førstelaget, skåra hat-trick i det klassiske oppgjeret mot Real Madrid og enda sesongen med 14 mål på 26 ligakampar. I 2008/09-sesongen skåra Messi 38 mål då Barcelona vann tre ulike meisterskap.

Messi var toppskårar i ungdomsverdsmeisterskapen i 2005, med seks mål. Ikkje lenge etterpå vart han eit fast innslag på Argentina sitt A-landslag. I 2006 vart han yngste argentinar som hadde spelt i VM i fotball. I 2008 var han med på å vinna fotballkonkurransen under sommar-OL i Beijing.

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 16. mars 2010.