Bekardar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Pachyramphus)
Bekardar
Kanelbekard, P. cinnamomeus Foto: Steve Garvie
Kanelbekard, P. cinnamomeus
Foto: Steve Garvie
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Tyranni
Infraorden: Tyrannida
Familie: Tityrafamilien Tityridae
Slekt: Bekardar Pachyramphus
Gray, 1839

Bekardar (Pachyramphus) er ei biologisk slekt innanfor tityrafamilien. Det er 18 artar i slekta ifølgje IOC World Bird List (2024) som lever i Sør-Amerika og Mellom-Amerika, samt ein på Jamaica. Skiferbekard er klasssifisert som sårbar av Verdas naturvernunion IUCN, alle andre som livskraftige artar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Pachyramphus-tityraer eller bekardar er den største undergruppa på slektnivå i tityrafamilien. Dette er mellomstore tityraer, mange artar rundt 14-15 cm centimeter i kroppslengd, ein art Bekardane er prega av store hovud i høve til kroppen og med fjørtopp på krona.[1] Dei mindre medlemmene av denne slekta har avsmalande halar, og dei fleste medlemmene er sterkt kjønnsdimorfe. Typisk for hannfuglar er svart og grått med kvite markeringar, hofugler i meir farga fjørdrakt med raudbrune og gulbrune fargetonar. Unnataka er kanelbekard og det kransbekard der kjønna har lik fjørdrakt. Juvenile bekardar liknar dei vaksne hoene i fjørdrakt og får, så vidt kjent, den vaksne fjørdrakta si etter omtrent eit år. Nebba på becardene er grå, og mange, men ikkje alle, har eit svart overside av nebbet. Beina deira er mørkegrå.[1]

Dei finst først og fremst i Sentral- og Sør-Amerika, men rosenstrupebekard hekkar inn i sørlegaste Texas, og som antyda av namnet, er jamaicabekard avgrensa til Jamaica. Avhengig av arten finst dei i skogkledde habitat som spenner frå open skog til tette skogkroner i regnskogar.

Reiret til eit bekard er ofte store og iaugefallande, kuleforma med sideinngang, bygd av blad, mosar og andre fibrar. Det er vanlegvis hengt opp i ein forgreining av treet, ofte godt over bakken og nær eit aktivt bie- eller vepsebol.[2]

Bekardar lever av store insekt.

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Pachyramphus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1. 2024,[3] Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.[4]

Ca. 15 cm, lever i tropisk skog i austlege Sør-Amerika
  • Gulkinnbekard, P. xanthogenys, Yellow-cheeked Becard, Salvadori & Festa, 1898, (LC)
14,5 cm, lever spreidd langst austsida av Andes frå sørlegaste Colombia til sørlege Peru, opptil 1700 moh. i Ecuador
  • Haukbekard, P. versicolor, Barred Becard, (Hartlaub, 1843), (LC)
12-13 cm, habitat i tåkeskog, fuktig fjellskog, open skog og i kratt, utbreidd fragmentert i sørlege Mellom-Amerika og langs Andes frå Venezuela til sørlege Peru 1500-3000 moh.
  • Skiferbekard, P. spodiurus, Slaty Becard, Sclater, PL, 1860, (VU)
14 cm, lever i halvtørr lauvskog område med kratt, plantasjar i vestlege Ecuador og norvestlegaste Peru
  • Gråbekard, P. rufus, Cinereous Becard, (Boddaert, 1783), (LC)
13-14 cm, variable, mest tørre habitat under 1500 moh. frå sørlege Panama, nordlege Colombia og Venezuela, Guyanaregionen og nordlege-sentrale Amazonasbekkenet
  • Kransbekard, P. castaneus, Chestnut-crowned Becard, (Jardine & Selby, 1827), (LC)
14-15 cm, fem åtskilde utbreiingsområde i Sør-Amerika frå nordlegaste Venezuela til Paraguay og søraustlege Brasil. Habitat variable, lågtliggande, skog og plantasjar, inkludert sesongmessig overfløymde område av Amazonas-regnskogen
  • Kanelbekard, P. cinnamomeus, Cinnamon Becard, Lawrence, 1861, (LC)
14-15 cm, lågtliggande variable habitat høgt i tre, ofte nær vatn gjennom Mellom-Amerika frå sørlege Mexico, nordlege Colombia og vestlegaste Colombia og Ecuador
14 cm, ofte i tørr skog eller underskog langst vestsida av Andes frå sørlege Colombia til nordlege Peru, 300-3200 moh.
  • Kvitvengbekard, P. polychopterus, White-winged Becard, (Vieillot, 1818), (LC)
14-15 cm, lever i skog i Mellom-Amerika frå Belize og sørover, i Sør-Amerika aust for Andesfjella sør til Uruguay, mest under 500 moh. maksimalt 2500 moh. i variable habitat
  • Svartkronebekard, P. marginatus, Black-capped Becard, (Lichtenstein, MHC, 1823), (LC)
13-14 cm, habitat i våt skog med tørr skogbotn i Amazonasbekkenet og i Atlanterhavsskogen i Brasil
  • Gråryggbekard, P. albogriseus, Black-and-white Becard, Sclater, PL, 1857, (LC)
Ca. 14 cm, lever i tre ca. 20 meter over bakken i fuktig fjellskog langst austsida av Andes frå Venezuela til sørlege-sentrale Peru, pluss Costa Rica og Panama.
14-16 cm, fuktig til halvtørr skog og i plantasjar i frå Mexico til Nicaragua
  • Svartryggbekard, P. surinamus, Glossy-backed Becard, (Linnaeus, 1766), (LC)
Ca. 13 cm, lever i fuktig skog og savanneskog, under 300 moh. i sørlege Guyanaskjoldet og nordaustlege Amazonasbekkenet
  • Sotbekard, P. homochrous, One-colored Becard, Sclater, PL, 1859, (LC)
16,5 cm i skogshabitat i Panama og vestlege Colombia og Ecuador,
  • Smykkebekard, P. minor, Pink-throated Becard, (Lesson, RP, 1831), (LC)
Ca. 17 cm, fuktig, eviggrøn, ikkje-overfløymd skog over det meste av Amazonasbekkenet
  • Storbekard, P. validus, Crested Becard, (Lichtenstein, MHC, 1823), (LC)
17-18,5 cm, våt til halvtørr skog mest under 2000 moh. i Sør-Amerika sør for Amazonas, inn i Argentina og Paraguay
16-18 cm, lever i tørre varierande habitat i Mellom-Amerika
  • Jamaicabekard, P. niger, Jamaican Becard, (Gmelin, JF, 1788), (LC)
18 cm, mest i open skog eller beitemarker med berre spreidde tre på Jamaica

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Howell, Steve N.G.; Webb, Sophie (1995), A Guide to the Birds of Mexico and Northern Central America, New York: Oxford University Press, s. 520, ISBN 0-19-854012-4 
  2. Ridgeley, 2001
  3. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (januar 2024). «IOC World Bird List Version 14.1, Master lists». International Ornithologists' Union. Henta 27. mars 2024. 
  4. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 14. april 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]