Pamela Jelimo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pamela Jelimo

Pamela Jelimo (fødd 5. desember 1989) eller Chelimo er ein kenyansk friidrettsutøvar som spesialiserer seg på 800 meter.

Jelimo begynte å springa som 13-åring, ho gjekk då på skule i Kapsabet. Ho begynte som sprintar. I juni 2007 kom ho på 5. plass i Kenya-meisterskapen på 400 meter. Det same året vann ho gull på 400 meter i den afrikanske juniormeisterskapen og sette kenyansk juniorrekord på 200 meter, med 24,68 sekund. Ho skal ha sprunge den første 800 meteren sin den 19. april 2008, med resultatet 2:01,02.

Gjennombrotet til Jelimo kom i afrikameisterskapen i friidrett i 2008, då ho var 18 år gamal.[1] Ho sette ny kenyansk juniorrekord på 800 meter, med 1:58,70. 25. mai 2008 vann ho Hengelo grand prix og sette ny juniorverdsrekord med 1:55,76.[2] 1. juni 2008 sette ho ny afrikansk rekord, med 1:55,19 i eit Golden League-stemne i Berlin. Ho forbetra rekorden den 18. juli til 1:54,97 i Paris. Dette var den fjerde Golden League-sigeren hennar på rad.[3]

18. august 2008 vann Jelimo OL-gull på 800 m under Sommar-OL 2008 i Beijing. Ho vann på tida 1.54.87 - ny personleg rekord, og vart samtidig fyrste kenyanske kvinne som vann eit OL-gull.

Merittliste[endre | endre wikiteksten]

År Turnering Stad Resultat Distanse
2007 Afrikansk juniormeisterskap Ouagadougou, Burkina Faso 1. 400 m
2008 Afrikameisterskap Addis Abeba, Etiopia 1. 800 m
2. 4x400 m stafett

Referansar[endre | endre wikiteksten]