Pangéo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pangéo
Παγγαίο
Pangéo Παγγαίο - Eit snødekt Pangéo sett frå Fílippi
Eit snødekt Pangéo sett frå Fílippi
Høgd over havet 1 954 moh
Ligg i/på Kavála og Sérres i Hellas
Koordinatar 37°59′N 22°11′EKoordinatar: 37°59′N 22°11′E

Pangéo (gresk Παγγαίο) er eit fjell i Hellas. I antikken vart fjellet kalla Pangaeon eller Pangaeum og av Homer Nysa. Det ligg om lag 40 km frå Kavála og har ei høgd på 1 956 moh. Namnet på sjølve toppen heiter Máti, som tyder «auge». Egearhavet og sletta frå Fílippi til Dráma ligg i nord.

Fjellet dekkjer dei søraustlege områda av periferieininga Sérres, og dei nordvestlege områda av Kavála. Fjellet ligg like ovanfor sletta som den antikke byen Fílippi ligg på, mellom elvane Strymónas (Struma) og Xiropótamos.

Av landsbyar i fjella finn ein Nikísiani og Paleokhóri, som hovudsakleg lever av jordbruk, som korn og tobakk.

Gull og sølv vart grave ut av fjellet i antikken. Den athenske tyrannen Pisistratos var i eksil i fjella. Utsiktene etter gull gjorde at Aten oppretta ein koloni her rundt 465 fvt., men trakarane massakrerte kolonistane og kolonien vart forlaten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]