Kavála

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kavála
Lokalt namn: Καβάλα
Festninga i Kavála sett frå sjøen
Festninga i Kavála sett frå sjøen
Geografi
2011 Dimos Kavalas.svg
Stad Makedonía
Koordinatar 40°56′N 24°24′EKoordinatar: 40°56′N 24°24′E
Areal 350,6 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Aust-Makedonía og Thráki
Kavála
Hovudsete Kavála (54 027 innb.)
Demografi
Folketal 70 501 (2011[1])
Folketettleik 200,7 /km²

Kavála (gresk Καβάλα), òg kalla Kavalla, er ein by og kommune i periferieininga med same namn i periferien Aust-Makedonía og Thráki i Hellas. Byen er òg hovudstad i periferieininga og den største hamnebyen i Gresk Makedonia. Han ligg vakkert til ved Kaválabukta, ovanfor øya Thásos.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Han vart opphavleg grunnlag av kolonistar frå Páros500-talet fvt., som kalla han Neapolis («ny by»). Neapolis var ein by i Makedonia. Han var sannsynlegvis same by som Daton (Δάτον), kjend for gullgruvene sine (Herod. ix. 75).

Han vart ein romersk civitas i 168 fvt. og var base for Brutus og Cassius i 42 fvt. før dei tapte slaget ved Fílippi. Paulus gjekk i land ved Kavála på den første reisa hans til Europa. Under Austromarriket vart byen kalla Khristoupolis av grekarane og Morunets av lokale bulgarar.

Kavála var ein del av Det osmanske riket frå 1371 til 1912. Mehmet Ali vart fødd her i 1769.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kart over kommunaleiningane i kommunen Kavála. ██ Kavála ██ Fílippi

Frå 2011 omfattar kommunen òg den tidlegare kommunen Fílippi. Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Den tidlegare kommunen Kavála, no kommunaleininga Kavála


Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommmunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[1]
Kavála Kavála 54 027
Krinídes Fílippi 3 365
Amygdaleónas Fílippi 2 724
Paleó Tsiflíki Kavála 2 195
Néa Karváli Kavála 2 160
Zygós Fílippi 1 485
Fílippi Fílippi 894
Kryonéri Fílippi 690
Prósfyges Fílippi 572
Polýstylo Fílippi 420

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kavála

Kjelde[endre | endre wikiteksten]