Partiet polske ølvener

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Partiet polske ølvenar (Polska Partia Przyjaciół Piwa, PPPP) vart grunnlagt i 1990 av mellom anna satirikaren Janusz Rewiński. Opphavleg var målet med partiet å lyfte fram den kulturelt tufta engelske øl-kulturen for å hindre alkoholisme gjennom storstilt bruk av vodka.

Det humoristiske namnet og rådløysa rundt den brå omforminga av det polske samfunnet tidleg på 90-talet førte til at fleire polakkar stemde på partiet, og under valet i 1991 fekk PPPP 16 seter i det polske parlamentet (Sejm).

Etterkvart vart fraksjonane tydelege, og då særs fraksjonane for mørkt og lyst øl. Det hende trass i at Rewiński ved fleire høve slo fast at «øl er korkje lyst eller mørkt. Det er smakfult.» PPPP vart til slutt oppløyst, men nokre av medlemmane fekk faktisk meirsmak på politikken og gjekk inn i meir seriøse parti før neste val.