Akkusativ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Akkusativ eller underfall er eit grammatisk kasus, det sentrale bruksområdet til akkusativ er å skilje objektet frå subjektet i setninga. I språk med små kasussystem (t.d. berre nominativ og akkusativ) blir nominativ brukt til å markere subjektet og subjektspredikativet, og akkusativ blir brukt til dei fleste andre syntaktiske funksjonar.

Akkusativ i norsk[endre | endre wikiteksten]

I norsk er det berre pronomena som har kasusbøying, eg, du, han, ho, vi, de er nominativformer, mens meg, deg, (honom), henne, oss, dykk, (deim) er akkusativsformer. Mange språkbrukarar har kasusdistinkusjon berre i første og andre person.

Akkusativ blir brukt som kasus for

  • Det direkte objektet: Eg ser deg
  • Det indirekte objektet: Han gjev deg ei gåve
  • Objektet til preposisjonar: Eg tenker på deg
  • (i prinsippet også objektspredikativ, men i og med at dei er ubestemte (Han kalla oss idiotar) eller adjektiv (Han vaska barnet reint) er det ikkje lett å finne døme med pronomen)
  • I samanlikningskonstruksjonar etter som og enn: Dette veit du betre enn meg

Akkusativ i samisk[endre | endre wikiteksten]

Sørsamisk[endre | endre wikiteksten]

Sørsamisk skil mellom nominativ (utan suffiks), akkusativ (-m) og genitiv (-n). Akkusativ er kasus for det direkte objektet, og for objektspredikativet.

Nordsamisk[endre | endre wikiteksten]

I nordsamisk har genitiv og akkusativ falle saman til eitt kasus, som ikkje har noko eige suffiks, men som har svakt stadium, samanlikna med nominativ. Dette kasuset blir brukt i posisjonane genitiv og akkusativ hadde. Det er eitt unntak til dette: Når objektet i setninga er eit talord, står det i ei form som ikkje er identisk med genitiv, men som derimot er identisk med nominativ. Det opnar seg dermed to tolkingar: Enten er det mogleg å seie at nordsamisk har eit kasussystem utan akkusativ, og der det direkte objektet står i nominativ viss det er talord, elles i genitiv, eller så er det mogleg å seie at nordsamisk har eit kasussystem med akkusativ, og at akkusativ berre tilfeldigvis er identisk med genitiv, bortsett frå med talord, då det tilfeldigvis er identisk med nominativ. Det er det siste synet som dominerer i samisk språkforsking.


Akkusativ i austersjøfinske språk[endre | endre wikiteksten]

Statusen til akkusativ i finsk er eit komplisert spørsmål. I standard finsk og i dei fleste finske dialektane har dei personlege pronomena og spørjepronomenet kuka ei eiga, ukontroversiell akkusativform, på -t (minut, sinut, hänet, for 1., 2. og 3. person sg.). I vestfinske dialektar er dei tilsvarande formene identisk med genitiv (minun, sinun, hänen). Når det gjeld substantiv, har ikkje finsk noko eiga akkusativform. I staden har objektet anten nullform (ikkje suffiks i det heile), eller det har -n-suffiks, etter følgjande kriteria: Viss setninga har eit finitt verb som kongruerer med subjektet sitt, får objektet -n-form. Jf. desse setningane: I den første kongruerer verbet med subjektet, i den andre setninga er det oblikt subjekt, verbet står i 3. person, og objektet manglar n-subjekt.

  • Kongruerande subjekt: Minä näin auton / autot / hänet («Eg såg bilen / bilane / henne»)
  • Ikkje kongruerande subjekt: Minun täytyy nähdä auto / autot / hänet («Eg må sjå bilen / bilane / henne»)

Ei tolking av dette er at finsk er som norsk: Berre pronomensystemet har akkusativ. Substantiva har eit anna system: Objektet står i genitiv eller nominativ, alt etter om verbet har eit subjekt å kongruere med. Ei anna tolking er at akkusativ i finsk har tre ulike former: -t (for personlege pronomen), og -n og -0 (for substantiv). I den finske grammatiske litteraturen er den andre tolkinga den vanlege. I den estiske grammatiske litteraturen, derimot, er den første tolkinga vanleg. Grunnen til det er at pronomena i estisk oppfører seg på same måten som substantiva, og at det dermed ikkje er bruk for akkusativ i språkskildringa i det heile.

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.