Paul Aklestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Paul Andreas Jetmundsen Aklestad (18. desember 183721. mai 1924) var ein norsk lærar, gardbrukar og politikar som representerte VenstreStortinget frå 1889 til 1909.

Paul Aklestad var fødd på Aklestad i Hjørundfjord i noverande Ørsta kommune.

Paul Aklestad gjekk i lære 6 veker ein vinter hos klokkar Lars Olaus Strømme på garden Haukås i Ørskog, for å bli lærar, og vert deretter tilsett som lærar i Hjørundfjord frå 1854.[1] Han arbeidde som omgangsskulelærar til 1863.[2]. I åra 1863 til 1871 dreiv han bnr 2 på Kvistad. I 1871 fekk han kjøpe farsgarden på Aklestad frå den eldre broren Ingebrigt.[3].

Paul Aklestad kom tidleg med i heradsstyringa i Hjørundfjord kommune. I åra 1866 til 1910 var han medlem i heradsstyret, og ordførar i åra 1870-1898.[4]

Han hadde også elles stor tiltru hos sine sambygdingar, og vart nytta i alle slags tillistverv. Han var til dømes formann og kasserar i Hjørundfjord Sparebank frå skipinga i 1880 til 1889. [5]

Paul Aklestad vart vald inn på Stortinget frå Romsdals Amt i 1889, og vart attvald 6 gongar deretter, og sat på Stortinget til 1909. [6]

Paul Aklestad sat heile tida han var på Stortinget i den såkalla Gasje- og pensjonskomiteen, frå 1892 til 1904 som sekretær og seinare som formann. På Stortinget var han ein typisk sparepolitikar, kanskje den mest typiske etter Søren Jaabæk. Denne grunnhaldninga kom fram alt i jomfrutalen hans på Stortinget, der han skal ha sagt: «Det er et ord som heter sparsommelighed.»[7]

I juni 1861 gifta han seg med Berte Johanne Olsdatter Skylstad (1840–1922), frå Skylstad i Hjørundfjord. Dei fekk 13 born. Av desse døydde 5 straks dei var fødde, 8 levde opp.[8][9]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Grøvik, s. 148, 149, 152
  2. Strømme og Standal, s. 206
  3. Strømme og Standal, s. 206
  4. Grøvik, s. 382-384
  5. Grøvik, s. 502-506
  6. «Paul Andreas Jetmundsen Aklestad». NSD. http://www.nsd.uib.no/polsys/index.cfm?urlname=storting&lan=&MenuItem=N1_1&ChildItem=&State=collapse&UttakNr=33&person=10078. Henta 12. mars 2009. 
  7. Grøvik, s. 382-383
  8. Strømme og Standal, s. 207
  9. Genealogy

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ivar Grøvik: Hjørundfjordboka Kultursoga II, Ørsta kommune 1977
  • Lars Strømme og Ragnar Standal: Hjørundfjordboka Band V Gard og ætt, Ørsta kommune 1993