Per Olov Enquist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Per Olov Enquist, 2008
Enquist, 2012

Per Olov Enquist, P. O. Enquist, (fødd 23. september 1934) er ein svensk forfattar og dramatikar. Han er gift med Gunilla Thorgren. Enquist voks opp i Västerbotten. Mor hans, Maja Lindgren (1903-1992), var lærar på folkeskulen. Faren, Elof Enqvist (1903-1935) døyde før P.O. Enquist var fyld eit år.[1] [2]

I midten av 1950-åra dreiv Enquist med friidrett. Han var ein av dei beste i Sverige i høgdehopparane med ein personleg rekord på 1,98. Etter studier ved Uppsala universitet, arbeidde Enquist som kritikar i avisene Svenska Dagbladet og Expressen sine kulturavdelinger. Enquist var stadig på reise, budde i København, Vest-Berlin og kom i 1973 til Los Angeles som professor ved universitetet UCLA. I lange periodar har Enquist vore busett i København og i Tyskland.

Enquist har vore gift tre gonger. I det fyrste ekteskapet fekk han saman med Margareta Ersson ein son og ei dotter. I 1980 gifta han seg med den danska forfattaren Lone Bastholm. Enquist er no (i 2009) gift med Gunilla Thorgren[3], tidlegare statssekretær ved det svenske kulturdepartementet. Paret bur i Vaxholm nord for Stockholm.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Enquist debuterte med romanen Kristallögat i 1961. Gjennombrotet kom i 1964 med Magnetisörens femte vinter. I 1964 skreiv han under pseudonymet Peter Husberg saman med Leif Nylén og Torsten Ekbom ein romanen Bröderna Casey. Ellers har Enquist alltid skrive åleine, i eige namn.

Det internasjonale gjennombrot kom med dokumentarromanen Legionärerna. Han vart omsett til ei rekkje språk og Johan Bergenstråhle laga etter boka filmen Baltutlämningen. Enquist har òg skrive manus for film- og fjernsynsproduksjonar til dømes Strindberg, Ett liv og filmane Il Capitano og Hamsun. Som dramatikar er Enquist mellom anna kjend for skodespela I lodjurets timma og Tribadernas natt. Han har arbeidd saman med regissør Ingmar Bergman på nasjonalscenen Dramaten.

Eit tema Enquist vend attende til, er tilhøvet mellom fiksjon og fakta, fantasien og røynda. Han nyttar friskt historiske hendingar og personar i forteljingane sine (Legionärerna, Hess, Lewis resa, Blanche och Marie.) Enquist har synt stor interesse for politet si etterforsking etter drapet på den svenske statsministeren Olof Palme, båe gjennom avisartiklar og som tema i boka Kartritarna.

Per Olov Enquist har hatt høge salstal ikkje berre i Sverige men òg i Frankrike og Tyskland. Han har vorte tildelt fleire litterære prisar. I 2008 kom sjølvbiografien Ett annat liv som vart lønt med Augustpriset. Det var andre gongen Enquist nett denne litteraturprisen, ein av dei gjævaste i Sverige; fyrste gong var for Livläkarens besök i 1999.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • 1964 - Magnetisörens femte vinter
  • 1964 - Bröderna Casey
  • 1966 - Hess
  • 1968 - Legionärerna
  • 1971 - Sekonden
  • 1972 - Katedralen i München
  • 1978 - Musikanternas uttåg
  • 1981 - Från regnormarnas liv
  • 1985 - Nedstörtad ängel
  • 1991 - Kapten Nemos bibliotek
  • 1992 - Kartritarna
  • 1999 - Livläkarens besök
  • 2001 - Lewis resa
  • 2004 - Boken om Blanche och Marie
  • 2008 - Ett annat liv

Kjelder[endre | endre wikiteksten]