Perlemorsky

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Perlemorskyer sett frå Bødalen i Buskerud, då stormen «Sondre» råka vestlandet i januar 2008. Foto:Kjetil Lenes

Perlemorskyer eller polarstratosfæriske skyer er skyer som blir danna om vinteren i stratosfæren i høgder på 15000 til 30000 m, og ligg dermed dobbelt så høgt som cirrusskyer i troposfæren.

Dei første systematiske undersøkingane av perlemorskyer, mellom anna å avgjere høgda på dei, vart gjort i Noreg av Carl Størmer.

Danning[endre | endre wikiteksten]

Stratosfæren er svært tørr og skyer, som er svært vanleg i troposfæren, oppstår sjeldan. I den ekstremt kalde polarvinteren kan det dannast forskjellige stratosfæriske skyer, som blir klassifisert ut frå den fysiske tilstanden eller kjemiske samansettinga.

Perlemorskyer blir danna i svært låge temperatuar, under -78°C. Temperaturen kan bli så låg i den lågare stratosfæren om vinteren. I Antarktis kan temperaturar under -88°C ofte danne perlemorskyer type II. Slike låge temperaturar er ikkje så vanleg i Arktis. På den nordlege halvkula kan kraftig vind over fjell skape fjellbølgjer som forplantar seg oppover i atmosfæren. Der lufta stig mot bølgjetoppane blir lufta ekstra avkjølt, og den svært tørre lufta kan kondensere til skyer.

Sidan desse skyene blir danna svært høgt, kan sola skine på dei frå under horisonten. Solstrålene blir brote i iskrystallane på same måte som når lys går gjennom eit prisme, og eit flott fargespekter oppstår. Ein kan best sjå perlemorskyer når sola er like under horisonten.

Perlemorsky type II

Forskjellige perlemorskyer[endre | endre wikiteksten]

Perlemorskyer er klassifisert i tre typar Ia, Ib og II etter den kjemiske samansettinga av skyene.

  • Type I inneheld salpetersyre og vatn.
  • Type Ia består av krystallar som er danna av salpetersyre og vatn.
  • Type Ib har skydropar som i tillegg inneheld svovelsyre.
  • Type II består berre av is (frose vatn).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Perlemorsky