Peter Murphy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peter Murphy
Peter-Murphy-Musician.jpg
Peter Murphy i Chicago i 2011
Fødd 11. juli 1957
Northampton i England
Instrument Vokal, gitar, klaverinstrument, melodica
Sjanger Post-punk, gothic rock, alternativ rock, eksperimentell
Aktive år 1978 til i dag
Tilknytte artistar Bauhaus, Dali's Car
Plateselskap Beggars Banquet, Nettwerk
Nettstad www.petermurphy.info

Peter John Murphy (fødd 11. juli 1957) er ein engelsk songar. Han var vokalist i rockegruppa Bauhaus og gav seinare ut fleire soloalbum som Deep og Love Hysteria. Med ein tynn utsjånad, utsåtande kinnbein, ein barytonstemme og ein hang til dystre tekstar, vert Murhpy ofte kalla «gudfaren av goth»[1][2] Bauhaus var eit av banda som var med på definere goth-miljøet.

Bauhaus vart oppløyste i 1983 og Murphy gjekk vidare med andre prosjekt og danna Dali's Car med Mick Karn, bassisten i Japan. Dei gav berre ut eitt album. Solokarrieren til Murphy var langt meir variert enn Bauhaus, og varierte frå nesten popmusikk til stemningsfylte balladar som synte den djupe og komplekse vokalen hans. Det første albumet hans var Should the World Fail to Fall Apart med ein versjon av Pere Ubu sin «Final Solution», som vart ein liten hitt i klubbmiljøet. Oppfølgjaren Love Hysteria vart som debutalbumet stort sett oversett, men gjorde det noko betre i USA enn i heimlandet. Høgdepunktet til Murphy som soloartist var albumet Deep, som gav han hitsingelen «Cuts You Up», som nådde toppen av Modern Rock Tracks-lista i USA.

Murphy konverterte til islam frå katolisisme i 1990-åra og flytta etter kvart til Tyrkia med kona si.

Bauhaus vart gjenforeint i 1998 for ein turne, og igjen i 2006 for ein turne med Nine Inch Nails.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

Samlingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gill, Andy (2002-08-16), Album: Peter Murphy, Independent News & Media, http://www.independent.co.uk/arts-entertainment/music/reviews/album-peter-murphy-748788.html, henta 14. desember 2011 
  2. Theiner, Manny (2008-06-19). «Music Preview: Bauhaus frontman Peter Murphy tours with solo retrospective». Pittsburgh Post-Gazette. PG Publishing Co. http://www.post-gazette.com/pg/08171/890959-42.stm. Henta 14. desember 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]