Northampton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Northampton

Northampton Guildhall, bygd 1861-4, av E.W. Godwin Foto: Chris Nyborg
Northampton Guildhall, bygd 1861-4, av E.W. Godwin
Foto: Chris Nyborg
Plassering
Northampton is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Northamptonshire
Geografi
Flatevidd
 - By

80,76 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik

205 200
  2 540,9 /km²
Koordinatar 52°14′14″N 0°53′46″WKoordinatar: 52°14′14″N 0°53′46″W
Diverse annan informasjon
Postnummer NN1-NN6
Nettstad: www.northampton.gov.uk
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Northampton

Northampton er ein stor kjøpstad og eit administrativt distrikt i England. Han er administrasjonssenter for Northamptonshire. Byen har like over 200 000 innbyggjarar. Northampton er det høgast folkesette distriktet i England som ikkje er ei sameint styresmakt.

Tradisjonelt har Northampton vore eit sentrum for produksjon av sko og andre lêrvarer. Det er lite igjen av dette, bortsett frå bygningane som kan sjåast langs bakgatene; små skofabrikkar med arbeidarbustader ved sida av. Det er no distribusjon og finans som er dei viktigaste næringsvegane. Blant selskap som har store anlegg i byen finn ein Barclaycard, Panasonic, Travis Perkins, Coca Cola, Schweppes Beverages Ltd og Carlsberg.

Folketalet auka kraftig etter 1960-åra, for det mest på grunn av planlagd ekspansjon styrt av Commission for New Towns. Faktorar som spelar inn er god jernbanesamband til London, og dessutan at motorvegen M1 som òg går mot London går rett ved. Både med bil og tog er det omkring halvannen timst reiseveg til hovudstaden. Bustadprisane har òg spelt inn, sidan dei låg langt lågare enn i London, og enno held seg noko lågare.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er gjort funn frå jernalderen i Northamptonområdet. Ein meiner at ein landsby vart grunnlagt der kring 600-talet. Innan 700-talet hadde staden vorte eit administrasjonssenter for Mercia. Den pre-normanniske byen var nokså liten, og var kjent som Hamtun.

1000-talet vart byen viktigare då normannerne bygde bymur og eit stort slott. Linja muren følgde er verna i gatenettet (Bridge Street, The Drapery, Bearward Street og Scarletwell Lane). Byen voks raskt. I Domesday Book (1086) er det registrert omkring 1500 innbyggjarar fordelt på 300 hus.

Northampton fekk det første chartret sitt og dermed rett til å halde marknader i 1189, noko ein stolt minner om på marknadsplassen.
Foto: Chris Nyborg

Rikard Løvehjarte gav byen det første chartret til byen i 1189. I 1215 vart William Tilly godkjent som den første borgarmeisteren i byen av Johan utan land. Han beordra òg at det skulle oppnemnast eit råd beståande av «…tolv av dei betre og meir diskrete» borgarane for å assistere Tilly.

Northampton hadde ein av dei største jødiske folkesetnadene i England på 1200-talet. Dei var særleg konsentrert rundt Gold Street. I 1277 vart 300 jødar avretta, visstnok for å ha klipt mynt, og resten vart fordrive.

Eit universitet vart oppretta i byen i 1261, av akademikere som hadde flykta frå Cambridge. Det gjekk bra ei tid, men i 1265 vart det oppløyst av Henrik III fordi det utgjorde ein trussel mot Oxford.

Det første slaga ved Northampton fann stad ved Northampton Castle i 1264. Styrkane til Henrik IIIs sigra då over Simon de Montfort. I 1460 stod det andre slaget ved Northampton ved Delapre Abbey. Dette var eit avgjerande slag under Rosekrigane, og Henrik VI vart etter slaget teke til fange av yorkistane i byen.

I mai 1328 vart Northamptontraktaten signert. Edvard III av England respekterte med det Robert the Bruce som konge av Skottland, og sonen til Robert vart forlova med systera til kongen, Joanna.

Det er verna ei rekkje tunnelar frå mellomalderen i sentrum av byen.

Under borgarkrigen støtta Northampton parlamentarianarane. På grunn av dette vart bymurane og slottet seinare riven av Karl II som straff. Jernbanestasjonen står der slottet var, og vart på grunn av det tidlegare kalla Northampton Castle stasjon.

Byen vart øydelagt av brann i 1516 og 1675. Etter siste bybrann vart han gjenoppbygd etter ein nøye uttenkt plan. Skoindustrien som byen vart kjent for kom på 1700-talet, og vart styrkt under Napoleonskrigane, då det var stor etterspurnad etter soldatstøvlar. Daniel Defoe skildra byen i A tour through the whole island of Great Britain som «…den penaste (handsomest) byen i heile denne delen av England».

1800-talet skaut veksten igjen fart, først på grunn av Grand Union Canal som nådde byen i 1815, og seinare jarnbana. Den første jernbanelinja, opna i 1845, var ei grein frå hovudlinja mellom London og Birmingham, som gjekk mellom Blisworth og Peterborough via Northampton. Deretter kom ei linje til Market Harborough i 1859 og ei til Bedford i 1872. På slutten av 1870-åra vart Northampton Loop anlagt; dette er ein sløyfe i West Coast Main Line som går inn til Northampton.

Etter 1850 byrja byen å vekse utover området som låg innanfor dei gamle bymurane. I 1800 var det omkring 7000 innbyggjarar, og hundre år seinare hadde talet vakse til omkring 87 000. Byen fekk i denne perioden eit rykte for politisk radikalisme, spesielt fordi den radikale Charles Bradlaugh vart valt som parlamentsmedlem for byen fleire gonger.

Etter 1900 var veksten lågare, særleg på grunn av stagnasjon i skoindustrien. Det gjekk seint å tiltrekke annan industri for å erstatte dei nedlagde fabrikkane.

I mellomkrigstida var det bustadmangel i Northampton, og fleire nye bustadområde vart oppretta. Distriktsgrensa vart utvida i 1900, og igjen i 1932. Innan 1961 hadde folketalet nådd 100 000, og i 1971 130 000. I 1968 vart Northampton definert som ein New Town; i motsetnad til dei planlagde byane som vart grunnlagt på denne tida var Northampton ein gammal by, men problematikken i tilhøve til å ta av folkeoverskot i andre område var den same som for dei planlagde byane. Northampton Development Corporation ynskte å doble storleiken til byen, med 230 000 innbyggjarar i 1981. Veksten var langt lågare, med 156 000 innbyggjarar i 1981 som fasit, men ein fekk i dei 20 åra prosjektet pågjekk bygd 20 000 nye bustader, og folketalet voks med 40 000.

Grensene vart igjen endra i 1974, då nye område vart lagt til i samband med reforma av lokalstyret i England.

Ved årtusenskiftet søkte Northampton om status som city. Det vart ikkje innvilga, og slik status vart for Midlands i staden gjeve til Wolverhampton.

University of Northampton fekk full universitetsstatus i 2005.

Ifølgje ein kontroversiell rapport er den England tredje vondaste byen, etter Leeds og Bradford, i tilhøve til kriminalitet der skytevåpen blir brukt[1]

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Northampton Town FC, kalla The Cobblers («Skomakarane»), spelar i Football League One. Heimebana deira er Sixfields Stadium.

Rugbyklubben Northampton Saints spelar i Guinness Premiership, med heimebane på Frankkin's Gardens.

Collingtree Golf Club var vertskap for British Masters i 1995.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Northampton ligg ved kryss 15, 15a og 16 på motorvegen M1. Hovudvegane A45 og A43 går gjennom byen, medan A14 ligg litt nord for Northampton.

Northampton stasjon ligg på Northampton Loop, ein del av West Coast Main Line. Det er regelmessige tog til London og Birmingham, køyrt av Silverlink (London) og Central Trains (Birmingham). Virgin Trains stoppar nokre få gonger dagleg med intercitytog mellom London og Nord-England.

Næraste flyplassen er Sywell Aerodrome; dei næraste med regulær passasjertrafikk er Birmingham International Airport og London Luton Airport.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Den eldste verna bygningen i Northampton er kyrkja The Holy Sepulchre, som òg er ein av dei største og best verna rundkyrkjene i England. Ho vart bygd i 1100 av Simon de Senlis, 1. jarl av Northampton, som nettopp hadde kome heim frå første krosstoget. Kyrkja er basert på Gravkyrkja i Jerusalem.

All Saint's Church vart bygd der ei stor normannisk kyrkje, All Hallows, stod inntil ho vart øydelagt i bybrannen i 1675. Berre tårna og krypten vart verna, men alt i 1680 stod den nye kyrkja ferdig etter at ein hadde fått donasjonar frå heile England. Karl II gav 1000 tonn tømmer.

Guildhall vart bygd i 1860-åra i viktoriansk gotisk stil. Han vart utvida i 1990-åra. Hallen står der det gamle rådhuset ein gong stod.

Derngate 78 har interiør designa av Charles Rennie Mackintosh. Dette er hans einaste større arbeid utanfor Skottland. Hust er ope for publikum etter avtale.

Express Lift Tower er eit 127,45 meter høgt tårn bygd for testing av heisar i 1978. Selskapet Express Lift vart teke over av Otis i 1997, og tårna har sidan ikkje vore i bruk. Framtida til tårnet er usikkert, men det er eit sterkt lokalt ynskje om å verne det.

Av Northampton Castle er berre ein gjenoppbygd bakport verna. Slottet var i lang tid eit av dei viktigaste i landet, og parlamentet var samla der ei rekkje gonger. Thomas Becket var fengsla der, men klarte å rømme. Slottet vart rive etter borgarkrigen.

Eleanorkrossen er éit av berre tre slike krossar som er verna. Det var opphavleg tolv av dei, reist på dei stadene der båra til dronning Eleanor stoppa for natta under ferda frå Harby til London.

Delapre Abbey var eit nonnekloster for benediktinarar av Cluny. Etter nedlegginga ved reformasjonen har det vore privatbustad og arkiv for grevskapet. Andre slaget ved Northampton stod ved klostret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://news.bbc.co.uk/2/hi/uk_news/5006852.stm.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Northampton