Peter Schmeichel
Peter Bolesław Schmeichel (fødd 18. november 1963) frå Gladsaxe er ein dansk, tidlegare fotballspelar. Schmeichel, som var målvakt, er særleg kjend for å han spela på den engelske klubben Manchester United og på det danske landslaget.
Innhaldsliste |
Klubbspel[endre]
Schmeichel spelte for den lokale klubben Galdsaxe-Hero mellom 1981-84. Frå 1984 spela han før tre år for den danske toppklubben Hvidovre og sidan fire år for Brøndby IF. Mellom 1991 og -99 spelte han for Manchester United i England, der han var med å vinne fem ligameisterskap, FA-cupen tregongar og til sist Meisterligaen. 1999-2001 stod han i mål for Sporting Lisboa i Portugal, før han avslutta som aktiv med to sesongar i engelsk liga, først ein sesong for Aston Villa og så den siste sesongen for Manchester City.
Han la opp våren 2003.
Landslagsspel[endre]
Schmeichel debuterte for Danmark sitt landslag i ein kvalfiseringskamp til sommar-OL 1988 mot Hellas i Levadia. Han deltok i fem sluttspel for Danmark; europameisterskapa 1988, 1992, 1996 og 2000, dessutan i VM i fotball 1998 i Frankrike. Berre Michael Laudrup har like maneg sluttspel av danske fotballspelarar. Høgdepunktet kom i 1992 då han heldt buret reint då Danmark vart europameister med 2-0 ov Tyskland i finalen. Mot Slovenia i 2001 stod han i mål i sin 129. og siste landskamp.
Merittar[endre]
- 1987: Seriemeister i Danmark med Brøndby IF
- 1988: Seriemeister i Danmark med Brøndby IF
- 1989: Serie- og cupmeister i Danmark med Brøndby IF
- 1992: Vinnar av EM med Danmark og av den engelske ligacupen med Manchester United
- 1993: Vinnar av FA Premier League med Manchester United
- 1994: Vinnar av Premier League og FA-Cupen med Manchester United
- 1996: Vinnar av Premier League og FA-Cupen med Manchester United
- 1997: Vinnar av Premier League med Manchester United
- 1999: Vinnar av Meisterligaen, Premier League og FA-Cupen med Manchester
- 2000: Seriemeister med Sporting Lisboa
Heider[endre]
- Årets spelar i Danmark i 1990, 1993 og 1999.
Bakgrunnsstoff[endre]
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Peter Schmeichel» frå Wikipedia på dansk, den 24. februar 2012.