Peter Syltebø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Syltebø
Fødd5. august 1883
Tresfjord
Død8. oktober 1970 (87 år)
Statsborgar avNoreg
Alle verv

Peter Ørger Pedersson Syltebø (5. august 18838. oktober 1970) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Tresfjord i Romsdal. Han representerte Møre fylke og partiet VenstreStortinget i tida 1934-45.

Syltebø var son til ein gardbrukar. Han gjekk Romsdals amtsskule 1900/01 og Treiders handelsskule i Kristiania 1902/03. Frå 1903 til -09 arbeidde han på ei handelsforretning i Tresfjord. I 1909 tok han over eit gardsbruk på Øvstedal i Tresfjord, og dreiv dette sidan. Jamsides var han frå same året revisor i Vestnes Sparebank, eit yrke han hadde i lang tid.

Åra 1913-31 var Syltebø medlem i heradsstyret i Tresfjord, ordførar 1919-31. Han var formann i fylkesskulestyret i Møre og Romsdal frå 1930 til han vart avsett av NS-styret i juli 1942. Innsett att som fylkesskulestyre-formann i mai 1945.

Hausten 1933 vart Syltebø vald inn på Stortinget for Venstre, attvald i 1936. Den fyrste treårsbolken var han medlem i Skog- og vassdragskomiteen, frå 1937 var han med i Finans- og tollkomiteen. Frå 1936 var han medlem i hovudstyret til Noregs vassdrags- og elektrisitetsvesen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]