Philip Pullman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Philip Pullman

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 19. oktober 1946 (77 år)
Norwich
Yrke skribent, romanforfattar, universitetslærar, skodespelforfattar, bibliotekar, barnebokforfattar, ansvarlig produsent, lydboksinnleser, manusforfattar
Språk engelsk
Sjanger fantasy
Medlem av Royal Society of Literature
Religion ateisme
Far Alfred Pullman
Signatur
Philip Pullman på Commons

Philip Pullman (fødd 19. oktober 1946) er ein britisk forfattar av barne- og ungdomslitteratur. Han er mellom anna kjend for å ha skrive triologien His Dark Materials, kjent som Den mørke materien på norsk.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Philip Pullman vart fødd i Norwich i England, men oppheldte seg i periodar under oppveksten både i Zimbabwe, Australia og Wales. Han studerte seinare engelsk ved Exeter College i Oxford, og då han vart 25 fann han vegen til ei lærarstilling i barneskulen. I tillegg til læraryrket skreiv Pullman bøker, og han har gjeve ut ymse verk med ujamne mellomrom sidan 1972. Nemnande verk er Count Karlstein frå 1982 og Sally Lockhart-serien. Gjennombrotet hans kom likevel i 1995, då Scholastic publiserte Northern Lights som er første del i His Dark Materials-triologien. Oppfølgjarane The Subtle Knife frå 1997 og The Amber Spyglass frå 2000 vart òg godt motteke. Dei tre bøkene er per i dag omsette til 37 ulike språk.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Sally Lockhart-serien[endre | endre wikiteksten]

  • 1985 The Ruby in the Smoke (utgjeve på bokmål som Blodrød rubin i 1988, seinare som Rubinen i røyken i 2006)
  • 1986 The Shadow in the North (utgjeve på bokmål som Iskaldt spill i 1989)
  • 1991 The Tiger in the Well
  • 1994 The Tin Princess

The New-Cut Gang-serien[endre | endre wikiteksten]

  • 1994 Thunderbolt's Waxwork
  • 1995 The Gasfitter's Ball

His Dark Materials-triologien[endre | endre wikiteksten]

(norsk tittel Den mørke materien)

  • 1995 Northern Lights (utgjeve på bokmål som Nordlys i 1997, seinare som Det gylne kompasset i 2002)
  • 1997 The Subtle Knife (utgjeve på bokmål som Den skarpe eggen i 1999, seinare som Den skarpeste kniven i 2002)
  • 2000 The Amber Spyglass (utgjeve på bokmål som En kikkert av rav i 2002)

Einstaka bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1972 The Haunted Storm
  • 1976 Galatea
  • 1982 Count Karlstein (utgjeve på bokmål som Grev Karlstein i 2004)
  • 1987 How to be Cool
  • 1989 Spring-Heeled Jack
  • 1990 The Broken Bridge
  • 1992 The White Mercedes
  • 1993 The Wonderful Story of Aladdin and the Enchanted Lamp
  • 1995 Clockwork, or, All Wound Up
  • 1995 The Firework-Maker's Daughter
  • 1998 Mossycoat
  • 1998 The Butterfly Tattoo (tidlegare The White Mercedes)
  • 1999 I was a Rat! or The Scarlet Slippers
  • 2000 Puss in Boots: The Adventures of That Most Enterprising Feline
  • 2004 The Scarecrow and his Servant (utgjeve på bokmål som Jakob og fugleskremselet i 2005)
  • 2010 The Good Man Jesus and the Scoundrel Christ

Prisar[endre | endre wikiteksten]

  • 1996 British Book Awards Children's Book of the Year, for Northern Lights
  • 1996 Carnegie Medal, for Northern Lights
  • 1996 Guardian Children's Fiction Prize 1996, for Northern Lights
  • 1996 Nestlé Smarties Book Prize (gull i kategorien 9 til 11 år), for The Firework Maker's Daughter
  • 2000 British Book Awards Children's Book of the Year, for The Amber Spyglass
  • 2001 British Book Awards Author of the Year
  • 2001 Whitbread Book of the Year, for The Amber Spyglass
  • 2002 Eleanor Farjeon Award
  • 2005 Litteraturprisen til minne om Astrid Lindgren (delt med Ryōji Arai)
  • 2007 Carnegie of Carnegies, for Northern Lights (etter avrøysting over favoritten mellom vinnarane av Carnegie-medaljen hjå britiske lesarar)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]