Physiologus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit blad (folio 12 verso) frå eit illuminert manuskript frå 800-talet med Physiolus i latinsk omsetjing

Physiologus, og kalla Fysiologus er ein tidlegkristen bok på gresk med ukjend forfattar som skildrar plantar og tre, stein og dyr, mest fabeldyr, på måtar som set dei inn i ein kristen heilskap ved å gje dei vonde eller gode eigenskapar, og soleis gjeve tilvising på korleis mennesket skal finne vegen til frelsa. Verket er ikkje ei vitskapleg skildring av dyreverda i vår tids meining, men legg eigenskapar av meir eller mindre uverkeleg art til dei ulike dyra og fabeldyra som nyttast som døme.

Verket var opphavleg på 48 kapittel, og vert rekna for å ha opphav i Alexandria i Egypt i tida mellom det andre og fjerde hundreåret av vår tidsrekning. Men det vart etter kvart utbreidd i ein mengd ulike versjonar på lokale språk i dei kristne samfunna i Austen og i mellomalderens Europa. Den bysantinske Physiologus vart til dømes inndelt i seks delar, og ein langt meir moraliserande utgåve som vert tillagt kyrkjefaren Den heilage Basilios den store (om lag 330 - 379), hadde tretti avsnitt. I løpet av mellomalderen vart Physiologus å finne i etiopiske, syriske, arabiske, armeniske, serbiske, rumensk, latinske (om lag år 400), angelsaksiske, islandske, høgtyske, franske, provencalske, italienske og andre språklege versjonar. Mange av dei er illustrerte, som til dømes den islandske versjonen, som det berre er att fragment av[1].

Dei einskilde avsnitta av Physiologus er vanlegvis ordna slik at det aktuelle dyret eller fabeldyret vert identifisert i eit innleiande parti, etterfølgd av eit formelaktig «Physiologus seier om...», der det vert greie for på kva måte dyret ter seg i ymse situasjonar, og kva dette tyder med omsyn til å skjøne kva den kristne læra går ut på, mellom anna kva som er kristne dygdar og kva som er kristne lastar. I somme samanhangar vert jamvel dyret og dyrets framferd samanlikna med Kristus. Ved til dømes ein påstand om at pelikanmora gjev liv til ungane sine ved å gje dei sitt eige blod å drykkje, illustrerast det kva det hadde å seie for menneska at Kristus døydde som offer for dei og sigra over dauden, og soleis gjere greie for det som kjem rituelt til uttrykk i nattverden. Fugl Føniks, som brenn opp seg sjølv på altaret i solas tempel for å stå opp av sin eigen aske på den tredje dagen, vert på liknande vis å tyde som eit symbol på Kristus som står opp frå dauden.

På bakgrunn av den autoriteten Physiologus fekk hjå dei lærde i mellomalderens Europa, vart det med tida skrive fleire såkalla bestiar som skildra dyr og handlingane deira som allegoriar for Kristus, djevelen, dei kristne dygdene og lastane og så bortetter. Mange av motiva i romansk kyrkjekunst skal difor òg tolkast på bakgrunn av Physiologus eller lokale bestiar. Physiologus har truleg òg gjeve naudsynt autoritet til kunne å nytte i kyrkjeleg samanhang slike dyr, dyremotiv og liknande som hadde meiningsinnhaldet sitt frå den lokale folketrua eller den tidlegare lokale heidendomen, slik det kan sjåast i til dømes skurden på norske stavkyrkjer.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Faksimili av dei islandske Physiologusfragmenta finst i boka Romanske stenarbejder 2, redaktør Jens Vellev, med mellom anna forklaringar ved Jonna Louis-Jensen. Højbjerg 1984: forlaget Hikuin. ISBN 87-87270-36-6

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Physiologus