Pierre Bourdieu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pierre Bourdieu

Pierre Bourdieu (1. august 193023. januar 2002) var ein banebrytande fransk sosiolog, professor ved Collège de France i Paris frå 1980.

Bourdieu si forskarbane starta på slutten av 1950-åra med etnologiske og sosiologiske undersøkingar frå Algerie. Utover 1960-talet utvikla han vidare forsking kring studentar og utdanningssystemet, litteratur og kunst i Frankrike. Eit kjenneteikn ved Bourdieu sin arbeidsmåte har vore at han stadig har kome attende til desse tema-områda og utvida dei. Studiar av høgkulturen blei gradvis utvida til samanfattande analysar av smaken hjå dei ulike sosiale klassane i Frankrike i hovudverket La distinction. Critique sociale du jugement (norsk Distinksjonen. En sosiologisk kritikk av dømmekraften, (utdrag) ISBN 82-530-1721-9 ) frå 1979.

Bourdieu sin sosiologi[endre | endre wikiteksten]

Bourdieu er mest kjend for bruken av omgrepa felt, kulturell kapital og habitus. Desse omgrepa har visse føresetnader som må klargjerast:

  • Bourdieu føresette ein tosidig forskingsstrategi der ein må studere både dei sosiale omgjevnadene og korleis individa forkroppsleggjer ulike haldningar (habitus) til desse omgjevnadene.
  • Bourdieu såg for seg samfunnet som eit multidimensjonalt rom der ulike posisjonar kan skildrast som plasserte i eit system av koordinatar langs dei viktigaste dimensjonane. Det som karakteriserer heile dette sosiale rommet er ein todelt dominansstruktur mellom ein økonomisk pol og ein kulturell pol. Dette er dei hovuddimensjonane som individ og institusjonar blir verdsette langs. Denne verdsetjinga varierer ved den økonomiske polen etter graden på tilgang til pengar og eigedom, medan verdsetjinga varierer ved den kulturelle polen gjennom tilgang til kulturelle gode som utdanning, kunst, vitskapleg og litterært arbeid. Mengda av og kvalitetane til desse ulike sosiale ressursane - eller kapital som Bourdieu kallar dei - avgjer individa sine sosiale plasseringar i samfunnet.
  • Med kultur meinte Bourdieu alt som er dyrka eller kultivert og samtidig kjend som verdfullt. Kulturell kapital er såleis ikkje berre ein personleg kompetanse hjå den enkelte, men samtidig noko som er tilkjend verdi. Gjennom institusjonaliseringa av kulturen i form av utdannings- og kulturinstitusjonar representerer kulturen makt gjennom den oppgåva institusjonane har i moderne samfunn med å velje ut individ til ulike livsbaner.
  • Eit kjenneteikn ved den måten kulturen er institusjonalisert i moderne samfunn er utskiljinga av relativt uavhengige sosiale felt. Ei slik utskiljing gjer det mogleg å oppnå ein høg grad av spesialisering av aktørane innan feltet, men føreset at feltet er relativt uavhengig av forhold utanfor feltet og at aktørane innan feltet strir om noko som er felles for dei, t.d. at ein innan det litterære feltet strir om kva som er god eller dårleg litteratur. Aktørane må foreinast i trua på at det feltet handlar om er viktig (illusio). Bourdieu og kolleger har nytta feltomgrepet i analysar av økonomiske leiarar, forfattarar, biskopar, professorar, politikarar, dommarar, filosofar, kulturtidsskrift, moteskaparar, utdanningsinstitusjonar, vitskapsfolk osb.
  • Kvart felt utviklar eit eige verdsetjingshierarki og det som er verdsett representerer ein spesifikk kapital innan feltet. Litterær kapital inneber, t.d., at ein er verdsett som forfattar innan det litterære feltet. Eit felt vil også gjerne ha to motpolar der den eine polen vil hevde feltet sin autonomi, medan den andre polen vil støtte seg på ytre forhold. Til dømes, motseiinga mellom «kunst»-litteratur og kommersiell litteratur. For at ein skal kunne tale om ein relativ autonomi for feltet må den autonome polen innan feltet vere den dominerande.
  • Ein gitt historisk tilstand i eit felt dannar dei ytre sosiale forholda for individa, men eit viktig spørsmål for Bourdieu var at desse ytre forholda ikkje kunne forklare korleis individa handla. I staden meinte Bourdieu at aktørane forkroppsleggjer ulike haldningar til omverda - ein habitus - som formar handlingane deira. Habitusen må forståast som eit sett av handlingsdisposisjonar forma av aktøren si erfaring. Denne erfaringa er strukturert slik at den kan overførast til stadig nye område og nye situasjonar. Ein får såleis eit samspel mellom den subjektive erfaringa som aktøren og den ytre tilstanden i eit gitt felt. Mange av dei grunnleggjande skjema i habitusen blir forma alt dei første leveåra og seinare erfaringar blir gjerne knytt til desse opphavlege grunnformene.

Bøker av Bourdieu på norsk[endre | endre wikiteksten]

Bøker om Bourdieu på skandinaviske språk[endre | endre wikiteksten]

  • Sociologi och epistemologi. Om Pierre Bourdieus författarskap och den historiska epistemologin av Donald Broady ISBN 91-7656-269-7

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]