Piet Mondrian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Piet Mondrian i 1922

Pieter Cornelis Mondrian (7. mars 18721. februar 1944) var ein nederlandsk målar, ein viktig banebrytar for abstrakt kunst. Han er særleg kjend for sine Komposisjonar, måleri som består av strenge geometriske former og grunnfargar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Mondrian var fødd i Amersfoort. Opphavleg måla han realistisk, for så å lage symbolistiske verk då han vart kjend med teosofien. I Paris kom han 1912 i kontakt med kubismen og utvikla eit heilt abstrakt måleri. Han ville skildre den reine røyndomen, som han oppfatta som noko universelt, og som einast kunne uttrykkast med hjelp av rette linjer og grunnfargane raudt, blått og gult mot svart og kvitt.

I lag med mellom andre Theo van Doesburg danna Mondrian i 1917 gruppa de Stijl, dei danna eit miljø som gav ut eit tidsskrift og elles tok aktivt del i kunstlivet med sine idear. Kunstnargruppa, som også bestod av arkitektar og musikkinteresserte, fremja ein anti-individualistisk og anti-ekspresjonistisk tendens og streva mot objektivitet i sine verk.

Mondrian gav i 1920 ut eit manifest om det han kalla neo-plastisisme. Her hevda han at formene, linjene og fargane i naturen har sine eigne absolutte, sjølvstendige verde, samt tilhøve seg i mellom, fullstendig fri frå ei rolle som kan beskrivast. Om ein lukkast skape, eller gjenskape desse elementa og tilhøva ville ein kunne nå eit idealsamfunn der røyndomen erstatta kunsten.[1] Måleria han laga på basis av desse tankane, er kjenneteikna av horisontale og vertikale linjer i ulike, varsame fargemønster.

Verk av Piet Mondrian kom i 1937 med på den nazistiske kunstutstillinga Entartete Kunst i München.

Etter mange år i Paris, flytta Mondrian i 1938 til London. To år seinare flytta han vidare til USA og New York. Der skapte han abstrakte komposisjonar som reflekterte storbyen New York, samt pulsen og rytmane i jazzmusikken. I 1944 døydde han i storbyen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Piet Mondrian

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Store norske leksikon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Store norske leksikon.