Piva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Piva (serbisk-kyrillisk Пива) er ei elv i Montenegro og ei av kjeldeelvane til Drina som ho dannar i lag med Tara på grensa til Bosnia-Hercegovina.

Piva spring ut frå Sinjac (kyrillisk Сињац) i fjellet Golija nær Piva kloster. Før den kunstige innsjøen Pivasjøen vart danna rann vatnet frå kjelda ut i elva Komarnica (kyrillisk Комарница) og danna elva Piva dei neste 34 km. Komarnica er ein del av eit 86 km langt elvesystem (Tušina-Bukovica-Bijela-Komarnica), så målt frå kjelda er Tušina (kyrillisk Тушина), «elva med fem namn» 120 km lang.

Piva møter Tara ved Šćepan Polje på grensa til Bosnia-Hercegovina og dannar Drina.

Piva høyrer til nedslagsfeltet til Svartehavet og har eit eige nedslagsfelt på 1 270 km² og er ikkje framkommeleg for elvefart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]