Piz Corvatsch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°24′30″N 9°48′58″E
Piz Corvatsch
fjell
none  Piz Corvatsch sett frå Corvatsch stasjon
Piz Corvatsch sett frå Corvatsch stasjon
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Graubünden
Fjellkjede Berninafjella
høgd 3 451 moh
skardhøgd 383 m ↓ Piz Bernina
koordinatar 46°24′30″N 9°48′58″E
Lettast tilkomst Frå Corvatsch stasjon
Førstestiging av Johann Coaz og klatrelag
 - dato 1850
Switzerland location map.svg
Locator Red.svg

Piz Corvatsch er eit 3 451 m høgt fjell i Berninafjella i Sveits. Ein lægre topp, Piz Murtel (3 304 m), ligg straks ovanom endestasjonen til ei kabelvogn som går frå Silvaplana. Fjellet ligg i kring 5–10 km sør for St. Moritz i Oberengadin. Det er det høgste fjellet i eit av dei største skiutfartsområda i Sveits, kalla St. Moritz-Celerina.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Topografen Johann Coaz saman med sine hjelparar var dei fyrste som gjekk til topps, i året 1850. Fyrste skituren til topps vart gjort i 1898 av Philip Mark og Claudio Saratz.

I 1963 opna ein kabelbane til fjellet, som seinare har vorte utvida. Attåt utbygginga av skiheisar har ein om lag 350 km med merka skiløyper i fjellsidene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]