Pjatigorsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pjatigorsk
Пятигорск
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Stavropol kraj
Høgd 600 m
Areal 97 km²
Folketal 139 300  (2007)
Postnummer 357500–357538
Retningsnummer (+7)8793
Kart
Pjatigorsk
44°1′0″ N 43°3′0″ E
Wikimedia Commons: Pyatigorsk

Pjatigorsk (russisk Пятиго́рск) er ein by i Stavropol kraj i Russland med om lag 140 000 innbyggjarar (2007). Han ligg ved elva Podkumok, rundt 150 km søraust for Stavropol.

Namnet Pjatigorsk tyder «fem fjell» på russisk og har namnet frå dei fem toppene i Besjtau (som òg tyder «fem fjell» på dei tyrkiske språka i Kaukasus. Byen vart grunnlagt i 1780 og har vore ein kurstad med mineralvasskjelder sidan 1803.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første gongen mineralkjeldene vart nemnt i historiske kjelder er i dokument frå den arabiske oppdagaren frå 1300-talet, Ibn Battuta. Vitskapeleg interesse for dei vart først vist av tsar Peter I, men informasjonen som vart innsamla på ekspedisjonen hans har sidan gått tapt. Interessa vart vekka igjen på slutten av 1700-talet, då den første russiske busetnaden vart grunnlagt – festninga Konstantinogorskaja, som vart bygt ved Masjukfjellet i 1780.

Dei verdifulle kaukasiske mineralkjeldene førte til at det vart bygt ein feriestad her i 1803 og dei første studiane av vatnet sine medisinske eigenskapar starta etter dette. Den 24. april skreiv Aleksander I under på eit dekret som gjorde mineralvasskjeldene til statleg eigedom. Mange busetnader vart danna ved kjeldene. Den første busetnaden var Gorjatsjevodsk (no ein del av Pjatigorsk) ved foten av Masjukfjellet, så Kislovodsk, Jessentuki og Zjeleznovodsk.

Økonomi og næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Næringslivet i Pjatigorsk er hovudsakleg orientert mot mineralvasskjeldene og kurbada ved dei. Det finst òg ein næringsmiddelindustri (eit slakteri, eit vintapperi, eit meieri og eit bryggeri), tekstilindustri, ein skofabrikk og ein teppefabrikk, maskinindustri og metallarbeid, ein kjemisk fabrikk og ein keramikkfabrikk (TEMP Ceramics Arkivert 2008-05-06 ved Wayback Machine.) som har spesialisert seg på porselen og keramiske gaveartiklar som samovarar, figurinar, vasar og dekorative keramiske veggpanel.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]