Plötzensee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plötzensee
Plötzensee -
Stad Berlin-Wedding i Tyskland
Koordinatar 52°32′N 13°19′EKoordinatar: 52°32′N 13°19′E
Overflateareal 0,077 km²
Største djupne 5,5 m

Plötzensee er ein innsjø i Berlin i Tyskland med eit areal på 7,7 ha og eit djup på opp til 5,5 meter. Han ligg i parken Rehberge, som før var ein del av Wedding (i dag ein del av Berlin-Mitte).

Plötzensee er kalla opp etter fisken mort, Plötze er eit tysk namn på fisken, som ynglar i innsjøen. Innsjøen er ein av ei rekkje innsjøar som strekkjer seg frå nordaust til Spreedalen, danna etter siste istid. Fram til 1443 hadde klosteret St. Marien i Spandau rettane til innsjøen, men desse vart overtatt av statskassen til Preussen. I 1817 kjøpte byen Berlin innsjøen og leigde ut rettane til innbyggjarar ved strandlinja og til fiske.

I løpet av åra har det vore bygd fleire anlegg for fritidsaktivitetar ved innsjøen, som ei offentleg strand, men Plötzensee er kanskje mest kjend for det gamle Plötzensee fengsel, eit fengsel bygd på 1800-talet og som vart mest kjend under Nazi-Tyskland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]