Plasmid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustrasjon av ein bakterie med kromosom og plasmid

Plasmid er sjølvstendige DNA-molekyl som økslar seg i seller, og som stort sett er sirkulære.[1] Dei finst i hovudsak i prokaryotar, men òg i nokre få eukaryotar.[2] Plasmid inneheld nokre få gen, og eit særs kjent døme på slike gen er resistensgen mot antibiotika. Utanom bakteriofagar og kosmid vert plasmid nytta som som transportørar (vektorar) i genteknologi til å føra gen inn i seller. Eit framand gen kan spleisast inn i det ringforma plasmidet som deretter kan førast inn i ei selle, til dømes ei bakterieselle. Inne i sella kan genet byrja å verka.

Plasmid kan tilføra bakteriar nye eigenskapar. Dei kan framkalla fertilitet hjå vertsbakterien, som vil seia at han har evna til å overføra gena sine til andre bakteriar (F-faktorar). Dei kan òg overføra resistens mot eitt eller flere antibiotikum (R-faktorar). Dessutan kan dei få bakterien til å laga bakteriedrepande stoff.

Plasmida er som regel mindre enn kromosoma dei finst i lag med, men til dømes i slekta Borrelia finst plasmid med sekvenslengd på kring 20 % av kromosomet (200 kb mot 950 kb). Fylogenien til plasmid syner stort sett at dei utviklar seg uavhengig av bakteriar, og at dei soleis kan verka som parasittiske element.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«plasmid» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 9. november 2016.

  1. 1,0 1,1 Thomas, Christopher M; Summers, David (2008). «Bacterial Plasmids». eLS. ISBN 0470016175. doi:10.1002/9780470015902.a0000468.pub2. Henta 9. november 2016. 
  2. Novick, Richard P (22. januar 2002). «Plasmids». eLS. doi:10.1038/npg.els.0001490. Henta 9. november 2016. 
Spire Denne biokjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.