DNA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg DNA (fleirtyding)
Skjematisk framstilling av DNA under kopiering.

DNA (kort for eng. deoxyribonucleic acid, norsk deoksyribonukleinsyre) er eit makromolekyl som inneheld genetisk informasjon er grunnlaget for utviklinga av alle kjende levande organismar og ein del virus. Hovudrolla til DNA er å lagra informasjon på lang sikt. DNA inneheld «oppskrifta» på alle cellekomponentar, t.d. protein og RNA. Dei delane av DNA som inneheld denne informasjonen kallast genar, medan andre delar har strukturelle roller, eller er viktige i reguleringa av geneuttrykkinga.

DNA er bygd opp av to lange polymer. Kvart polymer er sett saman av ein «ryggrad» av annakvart deoksyribosemolekyl og fosfatgruppe. Til kvart deoksyribosemolekyl er det fest ein nitrogenbase. Desse er alltid ein av fire: adenin, guanin, cytosin og tymin. Dei to polymera er vende kvar sin veg. Informasjonen ligg i rekkjefylgja på basane. Baserekkjefylgja vert omdanna til aminosyrerekkjefylgja i protein ved at delar av DNA-molekylet vert kopiert til svarande RNA-basar. Denne prosessen ber namnet transkripsjon.

Inne i cellene er DNA inndelt i kromosom. I forkant av celledelinga vert ein kopi laga av alle kromosoma. Hjå eukaryotar vert DNA-et lagra i cellekjernen, medan det hjå prokaryotar (det vil seie bakteriar og arkebakteriar) vert lagra rett i cytoplasma. DNA-et i kromosoma er bunde til histonar og andre kromatinprotein som hjelp til med å trekkja saman DNA-et før celledeling. Dei spelar og ei rolle i uttrykkinga av DNA-et.

Fysiske og kjemiske eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

DNA er eit langt polymer bygd opp av fire ulike små einingar kalla nukleotidar, som tek seg oppatt mange gonger. DNA-molekylet er mellom 22 og 26 Ångström (Å) brei, og kvar nukleotid er 3,3 Å lang. Jamvel om kvar av desse einingane er veldig småe, so kan DNA-molekyl vera veldig store, med millionar av nukleotidar. Til dømes er menneskekromosom 1 (det lengste) ca. 220 milloner nukleotidar langt.

Hjå levande organismar ligg som regel DNA-molekyla to og to, tett tvunne om einannan som ein dobbel spiral med basane vende inn og ryggradene ut. Dei to molekyla vert bundne saman av hydrogenbindingar mellom nitrogenbasane. Ein skil mellom base + deoxyribosemolekyl (nukleosid) og nukleosid + forfatgruppe (nukleotid). Fleire nukleotidar som er kopla saman kallast ein polynukleotid.

Ryggraden i DNA-molekylet er sett saman av 2-deoxyribose (eit ringforma sukker og fosfatgrupper. Fosfatgruppene er bundne til 5-karbonet på eitt sukker og 3-karbonet på det hine. Difor kan ein tala om "retning" på DNA. Hovudskilnaden på DNA og det nært slekta RNA er at i DNA er sukkeret deoksyribose, i staden for ribose, som er i RNA.

Mellom basane skil ein mellom purinane adenin og guanin og pyrimidinane tymin og cytosin. I RNA tek uracil plassen til thymin.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Molekylet er bygd opp av to lange kjeder som dannar ein dobbeltspiral. Desse består av grupper danna av sukkeret deoksyribose, ei fosfatgruppe og ein aromatisk nitrogenbase. Sukkeret i ei gruppe er bunde til fosfatgruppa i den neste.

Nitrogenbasane er kovalent bunde til sukkeret. Basepara vert danna ved hydrogenbindingar mellom to basar, og består av adenin (A) og tymin (T) eller cytosin (C) og guanin (G). Basane i paret kjem frå kvar si kjede.

James D. Watson, Francis Crick og Maurice Wilkins fekk nobelprisen i medisin og fysiologi i 1962 for å ha oppdaga denne strukturen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]