Plav
| Plav | |
|---|---|
| Styresmakter | |
| Land Kommune |
Montenegro Plav |
| Geografi | |
| Flatevidd | 486 km² |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Tidssone | CET (UTC+1) |
| Diverse anna | |
| Postnummer | 84325 |
| Bilnummer | BA |
| Plassering | |
| Plav kommune i Montenegro | |
Plav (serbisk Плав, albansk Plavë eller Plava) er ein by og kommune i det austlege Montenegro, på grensa til Kosovo og Albania. Plav ligg under Prokletije -fjella ved den øvre delen av elva Lim der denne skapar den mykje vitja Plavsjøen (Plavsko jezero). Kommunen høyrer til den søraustlegaste delen av den serbisk-montenegrinske grenseregionen Sandžak.
Byen ligg ved eit vidkjend karstlandskap med naturlege hòlebrønnar. Villmarksliv og skiturisme er viktige inntektskjelder i sesongane for dette.
Byen Plav hadde ein folkesetnad på 3 616 i 2003. I kommunen ligg òg den noko mindre nabobyen Gusinje med 1 704 innbyggjarar i vest. Heile kommunen hadde dette året 13 805 innbyggjarar. Folketalet er sterkt minkande; i 1985 var det oppe i nesten 20 000. I 2003 var fordelinga mellom folkegrupper 49 % bosniarar, 39 % albanarar og 11 % tyrkarar.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Plav» frå Wikipedia på bokmål, den 4. desember 2010.
|
|
|
|---|---|
| Andrijevica · Bar · Berane · Bijelo Polje · Budva · Cetinje · Danilovgrad · Herceg Novi · Kolašin · Kotor · Mojkovac · Nikšić · Plav · Plužine · Pljevlja · Podgorica · Rožaje · Šavnik · Tivat · Ulcinj · Žabljak |